Mine barndomskattar
Eg har draumar…
Då eg var lita, kunne eg snika meg utor senga etter foreldra mine var lagt seg, for å sjå om hagenissane kom til livet. Hagen vår var fult av nissar, dvergar og andre skapningar som min far pynta opp med. Eg var ofte sikker på at dei blunka lurt til meg, at dei var eigentleg fulle av liv, dei berre let som dei var av stein. So der sat eg, på kne i den fine nattkjolen med pusar på, og kika ut for å sjå dvergane dansa om nettene. Kanskje det er derfor eg elskar å dra kameraet mitt med ut i skumringstimane, eg leitar etter eventyrlege stemningar, fargar og liv, fordi det er då verden er mest magisk?
Eg har glede…
Morfaren min snekra ein gong ein kjempefin huske til meg, og hang den i favorittepletreet mitt. Eg vart so glad for den huska, og eg huska kor stolt han var, då eg ellevill av glede huska fram og tilbake, smilande, i fleire timar. Det var meg, huska, epletreet, og alvane. Alvane var min glede, der eg sat på huska. Spesielt i skumringa var dei finast. Eg snakka ikkje med dei, eg sat der berre og følte meg so fri som ei jenta med barnehagepliktar, førskuleleksar, og leggetider kan føla seg. Når pliktar frå jobb og kvardagslivet blir for mykje, finn eg ofte ein leikeplass og set meg på huska, og igjen føle eg meg fri. Eg skulle berre ynskje eg framleis kunne sjå alvane.
Eg har kjærleik…
Mimmi heite surrogatmora mi blant kattedyra. Menneskemora mi fortalte korleis Mimmi haldt vakt over meg heile tida so baby. Passa godt på meg, menneskebabyen sin. Etterkvart so eg vaks opp, hadde ho alltid den mjuke pelsen å gøyma fjeset mitt ned i, ein unges fortrulege tankar vart møtt med venleg maling, og nettene låg ho roleg bak kneskåla mine. Den vilkårslause kjærleiken frå ein katt har haldt følgje med meg heile livet, og er sjølv i dag min mest dyrebare skatt.
Eg har fantasi…
Det var ikkje alle barneskuleelevar som kunne skryte på seg ein sjiraff. Men i skogen bortom huset vårt, stod det ein gammal sjiraff. Mormor brukte å følgja meg ut til da ho kalla “da høga treet”, men eg visste jo eigentleg at det var ein sjiraff. Åh, kor høgt den lange halsen strekte seg mot himmelen! Og roten, eg meiner ryggen til sjiraffen, so var so god å sitja på! Vestlands-Noreg vart til Afrika, furuskogen vart til ville savannar, og eg, eg kunne leva meg inn ein heilt anna verden en den so omringa meg elles. Berre eg let at augo so er eg der igjen, sjølv om det har gått minst tjue år. Alt eg treng er ro til å tenka, og eg kan vera kor eg vil, kva eg vil, gjera det eg har lyst til. Gje meg attpå penn og papir, so kan eg ta deg med meg.
Desse gåvene har eg frå min barndom, og dei er mine mest kjærlig bevarte skattar i livet mitt. Eg undrar, kva har du?



Nydelig!! Og det at du har skrevet det på sidemål, gjør teksten bare enda bedre!!!
Dette fikk meg til å tenke tilbake på min egen barndom. Vi har mange skatter bortgjemt i hukommelsen. De fortjener å komme fram i lyset av og til
Takk for det, min venn! Ja de gjør det. Blir for ofte glemt.