januar 21, 2010...1:42 am

Litt Håvamål før leggetid

Jump to Comments

Eg er so trøytt at det er nett før eg stupar over tastaturet. Eg veit eg burde gått og lagt meg for lenge sia, men endå er det noko ugjort hengande over dagen. Eg klarar ikkje å gje slepp og lada opp til i morgon, eg er for uroleg. Kva er det som plagar meg slik at eg ikkje kan leggja meg? Kva ynskjer denne dagen for noko meir utav meg?

Har du også kjent denne følelsen? Kan hende er det diktet eg ikkje fekk skrevet so klora seg fast i viljen. Kan vera notata frå førelesningar som eg ikkje fekk gått igjennom. Spørsmål frå førre vekes leksjon so ligg ugjort på harddisken.  Kva er det?  Er det angsten og frykta for alt det nye og gamle i livet mitt som gjer seg gjeldane og tvinga til seg fokus?

Eg tykkjer det er sagt so fint i Håvamål (oversat av Ivar Mortensson-Egnund, tekstar kan du finna på heimskringla.no):

Vitlaus mann

vaker all natti

tenkjer både opp og ut.
Han er trøytt og mod

når morgonen kjem,

og alt er flokut som før.

Verset på norrønt:

Ósviðr maðr

vakir um allar nætr

ok hyggr at hvívetna;

þá er móðr,

er at morgni kemr,

allt er víl sem var.

Eg er veldig glad i Håvamål (frå den Eldre Edda), mange gode råd og filosofien som er lika gjeldane for meg i dag, i natt, so det var for vikingmannen som grunna over sine problem for mange hundre år sia.

Ikkje minst desse fine orda om vennskap:

Veit du ein ven

som vel du trur,

og du hjå han fagnad vil få:

gjev han heile din hug

og gåva ei spar,

far og finn han ofte.

*

Veiztu, ef þú vin átt,

þann er þú vel trúir,

ok vill þú af hánum gótt geta,

geði skaltu við þann blanda

ok gjöfum skipta,

fara at finna oft.

Elles har eg funnet ein flott versjon, sjølvsagt er diktet på nynorsk, men meir moderne språk enn andre oversettingar her. Tormod Kinnes har opphavsretten, og diktet flyt so herlig at eg gløymar meg litt vekk…

… Eg har gløymt meg sopass vekk at eg ikkje har noko uoppgjort med dagen lengre, og føl rådet Odin gav for so lenge sia, og kvila ut so eg ikkje vert ein vitlaus kvinne so vaknar til ein flokut dag.

(men pausar sjølvsagt for å blogge først. Diktet so ville ut var ikkje klar for å verte skreve, men derimot var Håvamål klar for å verte lest)

Skriv et svar