I det siste har eg gått i tenkeboksen min om dette med blogging. Det byrja med at eg grunna over kva retning bloggen min tok, og eg frykta den var i ferd med å verte formlaus og platt. Vidare snubla eg over nokre gode innlegg som stiller spørsmål om kvinner, blogging og samfunn. Eg tek debatten som ein opning for å gruble litt høgt om kvar eg vil med denne bloggen, for det kjendes ut som det er på tide å ta eit steg vidare. Eg endrar meg, og bloggen endrar seg med meg.
Frøken Makeløs spørr kvifor kvinner blogger om trivialiteter, Helene Drage oppfordrar til meir samfunnskritiske bloggar, medan Lammelåret spørr korleis me kan fremje kvalitetsbloggar. Reint personleg tykkjer eg det vanskeleg å finne fram i bloggjungelen der ute.
Ikkje minst tenkjer eg sjølv på kva er det som kjenneteikner ein god blogg? Det vil nok variere alt etter kven som svarar på det. Kva som er viktig å blogge om, vil variere etter kva verdier og interesser akkurat den bloggeren har. Det treng ikkje bety at ein form for blogging er betre ein den andre.
I min meining treng ikkje ein blogg å vere ein rein debattblogg for å vere bra. Uansett om det er ein fotoblogg, kulturblogg, blogg om kvardagsliv på rim , eller ein blogg om sosiale media, så er det engasjement som fengjer meg. Eg likar blogger som tek opp samfunnskritiske sakar men likevel klarar å ha eit personleg preg over det. Samstundes kan eg falle for blogger som ikkje tek opp samfunnskritiske saker. Eg tykkjer det er viktig med mangfold, både med bloggar som med media ellers.
Oppdatering:
- Mormor skriv tankjevekkande om mangfold, og om det å setje bloggar i bås.
- Ege Denne: Er ikke bloggere samfunns engasjerte?
Når eg snublar over ein blogg, som eg tykkjer er ein kvalitetsblogg, eller tek opp tema som eg tykkjer er viktige å fremje, meiner eg det er viktig å dele, kommentere, lenke til. Men meg om det; når eg les noko som eg tykkjer er bra, pleier eg alltid få ein trong til å dele det vidare. Sjølv om eg kan verte mykje flinkare til det. Snublar eg over ein blogg som eg, personleg, tykkjer er viktig å fremje, så gjer eg det. Både Facebook og Twitter er gode verktøy.
Og så var det på tide å rette peikefingaren innover. Som nemnt i innleiinga, har eg gått i tankeboksen om retninga som bloggen min har tatt dei siste åra. For at eg skal kunne blogge engasjert, noko som eg gjerne vil, lyt eg skrive om noko som vekkjer engasjement i meg. Eg har tidlegare skrive om til dømes mobbing.
Kvifor bloggar ikkje eg meir om samfunnsaktuelle sakar? Det er nemleg noko eg har lyst til å gjere, difor tykkjer eg det er trist at eg ikkje gjer det meir ofte. Det har med fleire ting å gjere. For det fyrste tykkjer eg at det, heilt ærleg, kan vere skummelt. Det er lettare for meg å publisere til dømes noko kort prosa eg skriv eller eit fotografi eg har teke.
Det er óg mykje lettare for meg å delta i debatt om eg kan skrive om personlege erfaringar framfor teori. Til trass for at eg har sju år på universitet og mastergrad bak meg. Dermed tek eg denne debatten og vender den innover i meg sjølv om min eigen skriving. Men personlege erfaringar kan vel vere like så viktig?
Misforstå meg rett. Eg liker å dele om kva eg tenkjer, opplever, gjer på, fotograferer og drøymer om, og kjem til å helde fram med det. Bloggen endrar seg etterkvart som eg endrar meg sjølv, og det er naturleg for meg at den vert variert. Eg kjem ikkje kunne setje en spesifikk kategori på den, og ikkje ynskjer eg det heller. Men nå kjenner eg på meg at det er naturleg å vende tilbake alle erfaringar eg har, gode som vonde, som ein naturleg del av historia mi.
Då eg fyrst byrja å blogga, nytta eg bloggen til å skrive om å finne vegen att til eit normalt liv. I oppveksten vart eg mobba, heilt til eg byrja å utagere på ungdomsskulen. Skolen tok kontakt med barnevernet, som til sist plasserte meg i ymse ungdomsheim. Der vart eg blanda bort i meir rus og mista all interesse for skulegong.
Likevel byrja eg til sist å studere i England, tok bachelorgrad i journalistikk og mastergrad i norrøn og viking studier. Eg fekk praksis som lokaljournalist, reiste på frivilleg arbeid i Asia og fekk i det heile oppleve mykje. Men det var mange arr innvendig som eg ikkje hadde fått jobba med, så for fem år sidan tok eg fatt på å tilfriskne innvendig og ikkje berre utvendig.
Det klarte eg fint sjølv om vegen har vore lang og tøff. Og i dei neste åra fekk eg ei trong til å skape avstand med fortida mi, og eg sletta tidlegare innlegg på bloggen og byrja på nytt her. Det angrar eg på i dag, sjølv om eg framleis kan forstå kvifor eg gjorde det. Eg måtte verte kjent med meg sjølv på nytt. Eg hadde utsletta meg sjølv i så mange år at eg ikkje lengre visste kven eg var og kva eg stod for.
Fyrst nå eg er så trygg på meg sjølv, og på at eg har vorte eit ansvarleg og vaksent medlem av samfunnet, at eg tørr vere open om fortida mi. Eg har vorte så mykje meir ein bloggaren med ei trøblete fortid. Eg har vorte høgt utdanna, mamma, skribent, fått hobbyar som fotografering. Eg har også vorte trygg på dei gode, personlege kvalitetene eg har. At eg er ei god mor, god venninne og eit godt medlem av samfunnet.
Dermed byrja eg å skrive om desse tinga i bloggen. Kreativ skriving, fotografering, episodar frå kvardagslivet. Det var viktig for meg å ta avstand. Eg hadde fått det eg ynskja meg, men var redd for å vise heile meg og heile mi historie. Desverre var eg og redd for å stikke meg fram, sjølv om eg har mykje å fortelje.
Det eg ynskja meg ja – bortsett i frå ein ting. Eg tykkjer det skummelt å sei meininga mi og har ein tendens til å gjøyme meg vekk, gjere meg usynleg. Men bloggen her må da vere ei grei plass å byrje, før eg taklar den store vide IRL´en? Sjølv om eg har snakka om fortida mi med Norsk Ukeblad (artikkelen er ikkje i trykk endå) og NRK Megafon, har eg ikkje klart å blogge om det.
Så tilbake til innleiinga mi der eg sa at eg var redd for at bloggen vart formlaus. Det er ikkje lett å halde fokus når eg har gjøymd vekk den delen av meg sjølv som faktisk har erfaring og kunnskap nok til å ta opp samfunnskritiske sakar. Det var nettopp dette eg gjekk og tenkte på når denne debatten dukka opp. Eg tek det som eit dytt til å kome i gong.
Merk: Dette innlegget har eg redigert litt i etterkant. Den er den same, men eg har forkorta eit par paragrafar kvar eg snakka om kva som for meg er ein “bra” blogg. Eg forlenga innleiinga med eit par setningar, og eg har skrive litt ekstra om kva eg meiner om retninga min eigen blogg tek. Dette gjorde eg for å få betre flyt i lesinga og klårare fokus på bodskapet. Eg burde verkeleg lære meg å la innlegga mine kvile ei stund, før eg les over og publiserer.
En formløs blogg? Hvordan formløs, tenker jeg, da? Hvem bestemmer om bloggen er formløs?
Jeg er dette:
http://www.starbear.no/mormor/2012/01/11/jeg-en-lystblogger/
Det vil si at jeg tar for meg det jeg vil, gir bloggen den retning den skal ha, der og da.
For jeg tror at om man føler at man skal og må blogge, bare for å blogge, så blir det feil. For den som blogger.
Og hva er kvalitet, for deg og hva er kvalitet for meg? Det kan være så ulikt, Rangeringer og båser er noe herk.
På sidelinjen vil jeg bare si at jeg leste, med glede.
Ha en fin fredag.
Det var nok meg sjølv som var sjølvkritisk her og var redd for at bloggen var formlaus. Men “formlaus” var nok feil ordval. Det hadde nok vore meir riktig å skrive at eg mangla fokus. Fordi til tider skreiv eg innlegg som ikkje kjendes heilt “meg” ut. Og holdt tilbake innlegg fordi eg ikkje heilt turte å publisere.
Som eg skreiv i sjølve innlegget her, kva som er kvalitet eller verdi vil variere med kven som skriv. Så er enig der. Er og heilt einig at det vert feil å blogge fordi det kjendes ut som man må og skal! Er nok difor eg filosoferar litt rundt kvar eg vil med denne bloggen.
Glad du leste med glede!
Ha ein fin fredag og ein god helg.
Takker for lenke. det er hyggelig gjort av deg.Om du ikke har noe i mot det, kommer du på siden: “Her er jeg og leser:” Det er der jeg leser hvem jeg har lyst til å lese.og hvem jeg pleier å lese hos Ikke alle er der, men de fleste :-)
Den oppstrammingen av innlegget du gjorde, var veldig bra :-)
Ha en flott fredagskveld :-)
Takk for det :) Det har eg ikkje noko i mot. Eg tek og legg deg til i mi liste, og. Er ein god måte å halde oversikt på :)
Ha ein flott kveld og god helg!
Å se nærmere på seg selv er jo det beste, og så senke skuldrene litt ;) og innse at man er bra nok :)
Legger linken inn på dette innlegget:
http://www.egedenne.com/2012/01/er-ikke-bloggere-samfunns-engasjerte.html
Ja, ikkje minst innsjå at man er bra nok :) Viktige ord, det! Og takk for at du deler :)
Jeg kjenner meg igjen i dette med å tenke at bloggen jeg skriver er formløs. Bloggen min har gått fra å dreie seg mest om kulturformidling til å bli mer om hva som enn falt meg inn. Det gjorde at jeg til slutt falt ut av bloggingen, men nå prøver jeg meg igjen og nå er planen å tillate meg selv å være “formløs”. Jeg synes det er helt greit å bare blogge om det som faller enn inn. Bloggen vil likevel ha en ramme, nemlig den personen som skriver den. Jeg synes det er veldig fint å lese bloggen din, så ikke bekymre deg for mye om formen på den. :)
Når det gjelder spørsmålet om hvorfor kvinner blogger mer om de nære ting og mindre om politikk og samfunn så kan jeg bare svare for min egen del. Jeg er høyt utdannet, var politisk aktiv i tenårene, har mye meninger om politikk og samfunn og er glad i å diskutere. Likevel skygger jeg unna debatt på nettet. Det er to hovedgrunner til det. 1) En politisk blogg tar mye tid. Man må sjekke mye fakta før man skriver og man må kunne følge opp debatten i kommentarfeltet. 2) Debatt på nettet blir lett aggressiv og full av personangrep, og jeg orker rett og slett ikke å ha en blogg der folk stempler meg og hverandre med alle mulige merkelapper og slenger dritt.
Jeg ser at noen klarer å ha “rene” kommentarfelt der folk er høflige og saklige, men jeg vil rett og slett ikke ta sjansen. Det er litt dumt, for flere ganger har det vært ting som jeg har hatt veldig lyst til å blogge om, men ikke har turt fordi jeg har vært redd for hva som kan dukke opp i kommentarfeltet. Jeg er høyt utdannet kvinne, statlig ansatt, feminist og sosialist. Med andre ord en av de gruppene som får slengt mest hatmeldinger etter seg i typiske kommentarfelt i nettavisene. Men kanskje bør jeg slutte å være pysete. Bloggen min er tross alt ikke VG-nett. Jeg skal absolutt vurdere å bli litt tøffere. Så håper jeg at du også vil få til å blogge om det du ønsker å fortelle, selv om det er vanskelig. Vi lesere heier på deg! :)
Eg likte det du skriv at bloggen likevel vil ha ein ramme. Det er jo absolutt sant, eg har berre ikkje tenkt på det slik. Eg har sagt det før, og seier det att; eg er glad for at du er tilbake! Eg tenkte ikkje at bloggen din var formlaus. Eg vert alltid så glad når du skriv.
Du er ikkje pysete, det er ganske forståeleg kvifor du ikkje er politisk aktiv etter kva du skildrar. Det er verkeleg synd, og det er ikkje slik det skal vere! Men eg har sett det sjølv, utan at eg har opplevd det sjølv (sidan eg ikkje er særleg aktiv med debatt). Det er eit tap tykkjer eg, for eg tenkjer at du verkeleg har noko å kome med.
Sender heiarop att til deg, og ein god klem.
Trygghet er nok et sentralt ord i forbindelse med blogging. Å skrive litterært kan være en måte å skrive om nære temaer uten at det blir for nært, og dermed forblir trygt.
Hva som oppleves som trygt vil være forskjellig, og det som for den ene kan være skummelt vil for den andre være midt i trygghetssonen. Det er ikke dumt å utfordre seg litt, men da må en gjøre det fordi en selv ønsker å ta utfordringen, ikke fordi en føler seg presset.
Trygghet i seg selv og at livet er noenlunne stabilt er nok for mange det som er nødvendig for å tørre å utfordre seg selv.
Jeg synes du er tøff som har fortalt din mobbehistorie på nrk, klapp på skulderen for det! Innslaget kommer snart i reprise har jeg sett.
Kan det være slik at bloggen oppleves som formløs av bloggeiere fordi h*n ønsker å skrive annerledes/mer enn h*n våge?
I mine øyne er bloggen din verken formløs eller noe annet nedsettende. Jeg liker bloggen din og liker stemmen din, synes du har en unik fortellerstemme og fortellerevne (tenker også på hvordan du var på tv).
Takk for gode ord kjære deg! Eg var ikkje klar over at det kom i reprise snart, så takk for at du sa i frå her. Det er rart og tøft å sjå seg sjølv på TV, men det var alt i alt ein veldig god prosess som eg vaks på.
Er eigentleg nøgd med bloggen, det einaste som plagar meg var det at eg ynskja i skrive meir ein kva eg våga, som du seier her. Det einaste eg kan gjere med det, er å trosse den frykta og faktisk skrive. Dette innlegget her var på ein måte ein innleiing til det.
Hei villkatta, jeg fnat bloggen din via frøken Makeløs, og her har jeg tenkt å bli. I alle fall stikke innom!
Så kjekt! Velkommen!
som med alt i livet, på et eller annet vis føler man at man har mistet formen, eller gått seg litt vill, eller blitt litt lei. av venner, av jobber, av seg selv. og av noe så banalt som bloggen sin også ;)
det er en grunn til at jeg stadig skifter profilbilder. blir så fort lei av trynet mitt.
jeg sliter veldig med å ikke dra denne debatten opp et nivå. hvorfor er det alltid slik at kvinner føler at de må rettferdigjøre sine interesser, eller manglende interesser? ikke ta dette personlig, for jeg er også en sånn som har stor interesse for samfunn, politikk, og som ofte rett og slett ikke gidder ta disse debattene i et offentlig fora, fordi jeg ofte føler jeg mangler kunnskap og helt ærlig er redd for å bli satt til veggs som dum og uinformert. men det er ikke DERFOR jeg ikke har en utpreget politisk blogg. det er ikke sånn at jeg lar være å ta opp tema som virkelig interesserer meg og som jeg har sterke meninger om fordi jeg er redd for at andre skal være uenig med meg, eller at jeg skal bli “avslørt”, fordi de temaene jeg brenner for har jeg jo som regel et godt argumentert syn på.
når jeg ikke blogger om samfunn og politikk og krig og fred og sånn, på en jevn basis, så er det fordi 1) å hele tiden tenke på disse tingene gjør meg sliten og deprimert og gir meg følelsen av å ikke strekke til (for som Undreverset skrev: “… bloggen kommer ikke til å forandre verden.”), og 2) det er ikke det uttrykket jeg har valgt.
jeg blogger om det som faller meg inn. om det jeg tenker på og opplever, og så prøver jeg å pakke det inn i en halvpoetisk bloggesjargong. men det at noe ikke er EKSPLISITT politisk, betyr ikke at det ikke ER politisk.
hverdagslivet er politikk. det er samfunn. klart, refleksjon er bra, jeg berømmer enhver som har et reflektert forhold til seg selv og sin omverden, men å forvente det av ALLE … eller å forvente at folk HELE tiden skal være så reflekterte og langtenkte … det er fint, men det er utopisk.
denne debatten blusser opp med jevne mellomrom, gjør den ikke? twitter er uviktig, facebook er uviktig, blogging er uviktig. hvorfor? fordi det omhandler livene våre? fordi det er måter å dele livene våre med omverdenen på?
jeg er grunnleggende uenig! gjennom andres liv og historier kan man lære om seg selv, få et innblikk i hvordan andre har det, at man ikke er alene, eller innse hvordan noe ser ut fra en annen synsvinkel. det er ikke trivielt, banalt, eller uinteressant, og i alle fall ikke for alle. noen syns politikk er kjedelig og banalt. og ikke nødvendigvis fordi de er dumme heller, men fordi det rett og slett er et spill med de samme spillerne om igjen og om igjen, i ny drakt. noen syns det samme om mote. noen syns folk som liker classic rock er kjedelige. noen syns hipstere er hjernedøde. bla bla bla. alle kan ikke like alt, være alt, eller mene noe om alt. spør du meg, er det en bra ting :)
og nå skal jeg la dette mininnlegget runde seg selv av med en liten oppfordring: å ha dårlig samvittighet for alt man egentlig burde ha gjort, er bortkasta energi. så lenge man gjør noe som gir en selv eller andre noe, er det all good. engasjement kan ikke framtvinges.
Takk for god kommentar og tilbakemelding. Eg må seie, eg likte særs godt det innlegget du har skrive om dette. Du har gitt meg litt å tenkje på.
Dette var interessant lesestoff, fra ende til annen, både innlegg og kommentarer. “For meg virker det som du skyter fra hofta” sa en web-rådgiver til meg før jul, han mente jeg kunne spisse innleggene mer og være tydeligere på hvem som er målgruppen for bloggen. I og for seg et godt råd, samtidig kjente jeg at ei trangere ramme ville gjøre noe med engasjementet mitt. Det er viktig for meg at skrivingen skal være lystbetont.
Jeg liker bloggen din, villkatta, og forstår både at du slettet de tidligere innleggene, og at du angrer på det i dag, det er mange ulike faser i en helingsprosess. Ellers ser jeg lammelåret skriver noe om personlig og privat, og det er vel i spenningsfeltet mellom disse to begrepene mange av oss prøver å balansere. Det er tidkrevende og inspirerende, sårbart og utfordrende. Jeg vil holde på så lenge jeg opplever at det er verdt det, men når ord som “må” og “bør” dukker fort opp når jeg tenker på bloggen, er det tid for time out..
Takk for kommentaren! Eg har nyleg oppdaga at det at eg forsøker å “finne meg sjølv”, eller kan hende rettare sagt, verte trygg på meg sjølv, vorte ein raud tråd i bloggen.
Dimed kan eg óg stryke vekk orda “må” og “bør”.
Flott, legger en link til deg på bloggen min :-)
Takk så kjekt :)
Har lenka til deg og :-)
Funderer fortsatt?
Mormorklem før helgen :-)
Tilbaketråkk: Frøken Makeløs | Derfor blogger kvinner om trivialiteter