Hopp til innhold

Grønlege tankar

januar 25, 2012

Med denne tittelen tenkjer eg korkje på sjalusi eller kvalme som ofte kan koblast til grønt, men på miljøsparing. Frå eg var lita var eg engasjert i dyrevern, og etter småen kom til verda, har dette utvida seg til miljø. Eg måtte få born før eg byrja å tenkje seriøst på miljøet og kva framtid etterkommarane mine skal arva.

Før var eg den som nikka og var einig i at noko måtte gjerast, men kildesortera, det gjorde eg ikkje, og lot straumen flaume fritt (dyrt var det, óg). Eg treng ikkje melde meg inn i Green Peace for å gjere den store skilnaden, men små tiltak i kvardagen, er meir ein godt nok. Om stadig fleir hiv seg med på det, vil det gjere ein stor skilnad etterkvart. Etter å ha luska rundt på internettet, lest i brosjyrar og fundert litt på eigenhand har kome fram til nokre enkle tips som eg kan fylgje sjølv.

Fyrst nokre tips som gjeld baby:

1. For ammande mødre er vaskbare ammeinnlegg gode, istadenfor bruk-og-kast pakningane dei sel på butikken. Nå fikk eg ikkje amma, men om eg klarar det på nummer to, er det mange alternativ der ute. Alt frå desse praktiske innlegga til bambus ammeinnlegg som ser heilt nydelege ut.

2. Eg har kika litt på tøybleier, men skal ærleg innrømme at det har eg ikkje tatt i bruk endå. Sjølv om det er det mest miljøvenlege. Eg pleier å velgje Svanemerka eingongsbleier; noko som eg gjer med alle stelleprodukta. Svanen har høge og gode miljøvenlege krav (har eg høyrt).

3. Kjøpe brukt og gjenbruk; eg har kjøpt det aller meste brukt og har arva det meste anna av babyutstyr. Det same gjeld til meg sjølv og til huset; i dag er det så på mote med redesign, så kvifor ikkje prøve seg på denne miljøvenlege varianten av innredning.

Så nokre andre tips eg har funnet:

4. Bruk handlenett i stadenfor bæreposar. Det går ann i kjøpe ein fin Røde Kors nett som samstundes støttar foreningen, eller det går ann å sy ein sjølv.

5. Til kvinner går det ann å nytte menstruasjonskopp i standenfor bind og tampongar. Både økonomisk og miljøvenleg; til dømes denne i frå Alvekoppen.

6. Skru av ljoset i rom du ikkje er i, ikkje la kaffetraktaren stå på, bruke kokeplatar tilsvarande gryta du har på (ikkje ei lita gryte på ei stor plate) – kort og greitt spar på straumen.

7. Fylgj med på kva merke kosmetikk og hudpleie produkta dine har. Hjå Grønn Hverdag kan du sjå kva dei ymse merka betyr samt finne ei liste over kva produkt som ikkje er testa på dyr.

8. Sortere bosset; denne er desverre heilt ny for meg. Utav noko som ikkje kan kallast anna ein latskap, sorterte eg aldri før.

9. Fyll opp din eigen vatnflaske i stadenfor å kjøpe nye kvar gong. Eg var særs ille med dette. Dyrt vart det og.

10. Vaske klær på låg temperatur. Eg har hatt ein uvane med å vaske klærne mine i hel, altfor ofte og altfor høg temperatur ein kva som faktisk er naudsynt.

Har dykk nokre tips å dele med meg? Det vert eg særs takksam for. Eg er temmeleg fersk på dette her så fyr laus med det dykk har.

Ein grønare kvardag

3 kommentarer leave one →
  1. Valiana permalink
    januar 25, 2012 9:38 pm

    Gå eller ta bussen i stedet for bil
    Bruke tørkestativ isteden for tørketrommel, mer skånsomt mot klærne er det og :-)
    Holde 21 grader i heimen, ikke mer.

    Ellers har du mange gode grønne tanker! Vi prøvde oss på tøybleier, men fant dessverre etter 2 uker at ut at det ble for mye styr for oss (spesielt siden vi ikke har tørketrommel, og sleit også med å finne bleier som passet vår frøken). Til salgs… ;-)

  2. januar 25, 2012 11:02 pm

    Ikke bruk engangs -tallerkener,-glass, -kopper, -bestikk eller -fat.
    Vask heller opp etterpå :-)

  3. januar 27, 2012 9:44 am

    Takk for tips :-)

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 676 andre følgere