Nye ski, dårleg gli, men ingen Ali
Når eg høyrer Ali kaffien sin reklame syngje ut om nye ski med dårleg gli snøftar eg litt for meg sjølv. Denne veka har nemleg Eileen gjort ting ho ikkje kan; gå på langrenn. Eller bortover-ski, som eg likar å seie. Det var gøy i cirka hundre meter, før eg måtte erklære at skiene ikkje fungerer.
En vakker vinternatt sa besto sa seg viljug til å sitje med småen medan meg og sambuaren risikerte liv og helse. Me pakka langrennskiene og dro satte nasen mot ljosløypa på Gullbotn. Berre meg og han; det skal mykje meir øving før eg tørr ta hunden med meg. Eg skal love dykk eg følte meg slem då eg dytta Tuva inn att i huset. Sidan me tok på oss ytterklede trudde ho at ho skulle få vere med, men nei.
Hunden min er elskeleg på alle måtar bortsett frå ein: ho skal fange alt som beveger fort på seg. Eg fekk eit mentalt bilete av hunden som berre ville glefse etter skiene mine slik at det vart fult kaos før me hadde kome oss ein meter. Ho har nemleg fanga ein skigåar før. Stolt fekk ho han til å stoppe og sprang i sirkel rundt han og bjeffa.
- “Sjå mamma! Ein sau med plankar på beina!” var det som om ho bjeffa mot meg.
Noko flau tråkka eg rundt etter langlina hennar. Eg er ein iherdig forkjempar for vettig hundebruk og at ein ikkje skal sleppe hunden laus på stadar der ein ikkje får kalla dei inn att, og at ein skal ta hensyn og vise respekt for at det kan kome folk som er redd hund. Er det ikkje typisk at når uhellet fyrst er ute, så skal det kome ein skigåar? Eg svelgte det enorme forklaringsbehovet mitt sidan skigåaren stod og banna og veiva med staven, og slett ikkje ville høyre at eg normalt sett er ein veldig ansvarsfull hundeeigar.
Med denne episoden friskt i minne, skufla eg både hund og dårleg samvit inn att og lukka døra. Eg tok på meg eit smil og slengde dei defekte skiene over skuldra og labba i veg mot bilen og mot nye eventyr. Uvitande om at eg ikkje skulle få desse plankane til å gjere som eg vil.Ja, det er heilt sant, eg la skulda på skiene.
Men når sant skal seiest har det nok meir med smøringa av skiene kombinert med det at eg faktisk ikkje kan gå på ski. Eg fekk eit lag med cirka fem centimeter snø under heile tida. Eg børsta av og la lukkeleg avgårde. Det gjekk fint nokre meter til eg gjekk (u)elegant på trynet, og medan eg baksa meg opp av snøføyka, kleba cirka fem centimeter med snø seg under skiene att.
Det vakre med snø og dårlege klær er at snøen kjem seg innunder overalt. Etter å ha konkludert at det er stader på kroppen som aldri bør få snø på seg, skjønar eg at her er det eit eller anna som har gått gale. Veldig, veldig gale. Eg forsøkte desperat å fortelje sambuaren at det ikkje berre var meg, det var noko med skiene som var gale:
- “Skiene glir ikkje, sjå då, det går ikkje”, ropar eg etter ryggen hans.
- “Neida, men du beveger deg ikkje rett, bruk stavane!” oppmuntrar han.
- “Nei men for sensurert … SJÅ DÅ”, ropar eg endå høgare.
Sambuaren fekk seg ein god latter når eg stod bomstille i ein bratt nedoverbakke med skiene rett fram. “Eg sa dei ikkje glei…” mumla eg ilskelig og spaserte nedover bakken. Har dykk nokon gong sett nokon spasere med ski nedover ein bratt bakke? Det er litt av eit syn og temmeleg moro for alle bortsett frå den som spaserer.
Tilsaman glei eg vel avgårde cirka hundre meter på den minste løypa som er cirka ein kilometer. Men det var gøye hundre meter, så eg skal forsøke att. Dette er noko som eg vil få til, samt det er kjekt å få noko me alle kan gjere saman som ein familie seinare (me må berre få litt meir kontroll får Viljar får sitje i noko pulk).




Takk for påminnelsen om at mine ski skal stå der de er. :lol:
Fikk noen flott tegneseriebilder i hodet.
Ha en fin dag :-)
He he huff, ja!
Ha ein fin dag du og :-)
Hihi;) Høyrest ut som smørjinga var mykje av problemet ja! Veit korleis det er å gå med ski som klabbar slik, ikjke gøy i det heile! Har aldri likt noko særleg å gå eg heller, men har ei jente som er veldig ivrig no, så spørs om eg er nødt til å bita i det sure eplet likevel… Blir nok Gullbotn på oss også snart skal du sjå! Trur det er næraste løypa for oss. Lukke til med neste forsøk!
Lukke til når dykk skal ut på ski :-) Det var moro så lenge det glei, det skulle berre å glidd meir ein hundre meter ;-)
Det ER gøy når det går framover, IKKE gøy når det står stille, men ekstra supergøy med hund. Jeg synes jeg husker å ha vært vitne til noe som minner om den fange-skiløperen-episoden i fjor vinter en gang…På leketur med Bjørn. kan det stemme? Hihi.
Ti hi, Ida, det kan stemme på ein prikk! ;-)