Hopp til innhold

Orda gitt liv

januar 30, 2012

Eg sit og let tankane få sitt eige liv medan fingrane flyg over tastaturet. Eg tek djupe drag som om lufta kan gi meg inspirasjon samstundes som eg stilnar tankane og let orda få eit eige liv. Eg lar historia leve gjennom meg og set meg sjølv til side, eg overlet meg sjølv i denne stunda til den nyfødde boka.

Det speler ingen rolle lengre om eg får den på trykk. Det speler ingen rolle om nokon les han. Det einaste som betyr noko for meg er at boka får skrive seg ferdig, at orda får feste seg på papir lenge nok til at dei kan få leve. Eg skriv berre fordi eg vil skrive. Eller, kan hende det er meir rett å seie at eg skriv fordi eg har noko i meg som må ut, og dette er den einaste måten det kan få kome ut på.

Det er som ein del av min personlegdom ikkje lengre vil bu saman med meg i sjela mi, men vil ut og få ein eigen autonomi. Det vil ikkje lengre vere tankar, kjensler og røyrsle i sinnet, men vil vere ord, setningar, punktum, pausar og stille rom på papir. Eg kokar meg ein kopp te, samlar all uroen inne i meg, og lar det flaume ut.

Når eg er ferdig med økta for dagen er det ro inne i meg. Eg pustar letta ut, ristar på kroppen og alt kjendes så mykje enklare ut. Orda og historia som ikkje er ein del av meg har gitt meg fred medan dei rann utor kroppen, utor fingrane, over tastaturet, og over på skjermen, på det elektroniske papiret, som no er heimen deira.

For ei stund no kjem eg til å ha ro over meg, til morgondagen kjem og det på ny livnar i ord som vil ut. Men i dag er det greitt. Eg strekkjer ut dei stive skuldrane og nakken, og venter på at småen skal vakne frå formiddagskvilen sin. Resten av dagen skal eg vere mamma, og eg legg vekk den såre, rastlause forteljaren inne i meg. Eg let ho få kvile til neste gong det skal skrivast, til neste gong småen søv formiddagskvilen sin. Den stunda er forteljaren i meg sin eigen stund.

6 kommentarer leave one →
  1. januar 30, 2012 9:30 am

    Og den fortelleen blir sjelden still og gjør sjelden det du vil
    Ha en flott mandag :-)

  2. Valiana permalink
    januar 30, 2012 10:02 am

    Spennende! – håper du vil fortelle mer om hva slags fortelling du skriver – senere :-)

  3. januar 31, 2012 8:35 am

    Ordene kommer når de vil og som de vil.
    Ha en deilig dag :-)

    • januar 31, 2012 8:48 am

      Ja, dei har på ein måte eit eige liv ;-)
      Ha ein fin dag gode mormor!

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 676 andre følgere