Hopp til innhold

Livet til ein cowbaby

februar 1, 2012

Har dykk sett den reklamen på TV kvar ein mann sitt liv er fanga i ymse filmar? Scenar av ymse slag som trengjer seg inn i kvardagen. Eg veit korleis han har det, for livet mitt – eller rettare sagt, livet til Viljar – speler seg ut som i ein gamal westernfilm. Han er ein liten cowbaby, enkelt og greitt.

Som to cowboyar stirrar me mot kvarandre, handa klar til avtrekkaren. Det er som du kan høyre anspent musikk byggje opp stemninga, smak av støv i munnen og denne undringa om kven som vinn duellen.  Til alt hell er det ikkje snakk om pistol duell, men kven som er kjappast av oss: mamma med bleia, eller Viljar til å friluftstisse.

Eg er sikker på han har det til eit mål, og eg kan sjå på utrykket hans når han er i ferd med å gjere dette ugagnet. Han elskar det. Gøyest er det å treffe alt av klær, stellebord og sjølvsagt meg. Så fleire gongar for dager er me i denne duellen, kvar handa mi er rask til avtrekkeren bleia. Og for å auke oddsen, har guten byrja å vri, kave, snu seg rundt mest mogleg.

Etter ein pistol duell, må ein cowbaby få løyse opp spenninga med action på hesteryggen og fange ville hestar. Desverre så er hesten ein hund som slett ikkje har lyst å ri inn i solnedgangen med Viljar på ryggen, og i staden må mamma kompensere med å la han sitje høgt på skuldrane medan me galopperar rundt i huset.

Hestane er små, ilskelege, har klør og vil slett ikkje la seg fange av ein modig liten sjel. Nokon gong prøvd å gjete ein flokk med kattar? Det går ikkje. Som eg ein gong fekk høyre; kattar har aldri gløymd at dei ein gong vart tilbedd som gudar. Skulle menneska deira oversjå dette faktum, er dei snare med å minne oss på det.

Etter ein hard dag med dueller og nye eventyr, gjer han som cowbabyar flest: ikkje noko er betre å døyve sine sorger og feire sine gleder ein med ei god flaske (med melk) samt kvile kinna mot eit varmt kvinnebryst medan ho stryk han over hovudet og fortel om det vakre her i verda. For så å samle styrken sin til ein ny dag med nye opplevingar og stader som skal utforskast.

Jippi! Eg vann duellen!

6 kommentarer leave one →
  1. februar 1, 2012 5:51 pm

    Boyer enten de er av cow eller andre “slekter” gjør visst dette. Min dattersønn tilhører lauget, han også og man kan formelig se hvordan kan nikoser seg når han har fått inn ett skudd eller flere.
    Kod eg med cowboyen nå. :-)

    • februar 3, 2012 10:36 am

      He he ja gutar er seg sjølve lik ;) Kos deg med dottersonen din og, lukke til med “skuddene” ;)

  2. februar 1, 2012 10:27 pm

    Ah, dette høyres kjend ut ja! Kjekt med slike cowbabyar, sjølv om dei også tærer litt på energien av og til;) Nyt tida mens ho er der!

    • februar 3, 2012 10:35 am

      Ja det er herlege dagar :) Sjølv om eg merkar at no må eg verte kreativ for å finne på underhaldning. Skal rett og slett litt meir action til ein før for at guten er nøgd. Men det er kjekt det :)

  3. februar 1, 2012 11:50 pm

    haha, kjenner meg igjen her ja. Jeg har jo jentebaby, så når hun friluftstisser går det bare ut over stellematta og et eventuelt håndkle (det er lenge siden jeg ga opp å ha frottétrekk på stellematta, er ingen vits i å lage mer klesvask). Men hun er altså skikkelig god på prosjektilbæsjing. Spedbarnsbæsj er jo helt flytende og kan komme ut med overraskende stor kraft har jeg lært meg. Jeg skjønte hvilken absurd ting morsstolthet kan være da jeg følte meg stolt og imponert over at min lille elskede gullklump hadde klart å bæsje minst 40 centimeter i lengde bortover baderomsflisene. ;)

    • februar 3, 2012 10:34 am

      He he kjenner meg att der :) Utruleg kva ein kan verte stolt og glad over! Som broren min ein gong kommentere: berre ei mor kan kvitre glad og lukkeleg over at “her treng me ein gulpeklut!”

      Hadde nokon sagt dette til meg før eg vart mor, så hadde eg nok ikkje trudd på dei ;)

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 676 andre følgere