Svanesorg

Natt til i går høyrdes eit hjarteskjerande hyl utover fjorden. Tanta mi kikka forkava etter kva det kunne vere. Hylet drog ut og skar i marg og bein. Når det tok slutt kom ho fram til at det måtte vere fuglar eller dyr, og sikkert ikkje noko farleg. Med eit tomt ekko over fjorden, fann natta roen att og rulla rundt til ein ny dag. Hylet og mørket vart gløymd då sola glimta til med ein ny dag med lått og glede.

I dag vakna me og såg ein einsam svane som sigla på fjorden. Svana har alltid hatt ein make og dei har vore hjå oss lenge. Dagane kjendes alltid lettare ut når eg får starta den med svanene. Tamme vart dei etterkvart og kom bort til oss for å ete brødmat. Alltid var dei to. To saman. Held ikkje svaner saman livet ut?

Litt forkava glei svana omkring i bølgjene. Aleine. Eg får ei vond kjensle i magen og hugsar hylet tanta mi høyrde. Hyler ikkje svaner når dei mistar maken sin? Eg fekk høyre ein gong at svaner berre hyler ein gong i livet sitt og det er i sorga over å miste sin spesielle venn som dei deler livet sitt med. Engsteleg følgjer eg med og vonar at maken kjem attende. At maken ligg og rug på egg. Eg vonar at hylet ikkje var svana sitt urskrik av sorg og tap.

About these ads

  1. Fikk frysninger nå, jeg..
    Vi hadde to fine svaner her engang.
    Den ene ble steinet ihjel av uvitende (idiotiske) ungdommer. Jeg ble illsint!

    Jeg håper dere har hatt ei nydelig pinse-helg, vennen!

    *alveklem*

    • Uff, det var fælt å høyre. Eg vert så sint når eg høyrer om slikt meiningslaust plageri!

      Pinse-helga var fin den, kosa oss mykje. Vonar dykk hadde ei god helg óg!
      Klem :-)

  2. Åhh, jeg fikk vondt i magen…. stakkars svana! For et forferdelig hyl det må ha vært…. stakkars, stakkars.
    Du skriver vakkert, takk for at du la igjen en kommentar hos meg sånn at jeg fant deg :)

    KLEM!

  3. Tilbaketråkk: Svaneglede | Verda til Villkatta

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 143 andre følgere

%d bloggers like this: