Kaffien skoldar tunga og tankane skoldar kjenslene og leiker seg i den nye dagen, spring her, der, ingen stadar og over alt. Eg tenkjer på livet, lukka, korleis eg varsamt grip dagen medan eg halder frykten vekke. Eg vel å tenkje at eg kjenner frykt for mine kjære og meg fordi eg endeleg har respekt for kvar skjørt og vakkert livet og kjærleiken er. Eg vel å tenkje at denne frykten ikkje skal styre fordi då mistar dagen noko av det vakre, skjøre.
Slik som augeblinka medan min mann er ute kjøyrer bil med born og hund, og eg må gripe i bordkanten, grunna tanken som kjem; skjer det noko no, mistar eg alt. Det same augneblinket som gjer at eg stoppar opp om kvelden for å lytte etter pusten til guten min, medan eg stryk han over hovudet og er takksam for at eg får lov til å kjenne uforbehalden kjærleik.
Desse augeblinka kjem òg når eg stoppar opp medan tankane hoppar mellom alt eg har å vere takksam for, glede meg til, kjenne på, sakne, nyte og kva eg har å leve for. Då tenkjer eg, eg er lukkeleg, sånn cirka, midt mellom alt som skjer i livet, er det sånn cirka. Men sånn cirka lukkeleg er meir enn kva eg hadde håpa på.
Desse tankane kjem når eg badar i eit gyllent ljos som leikar både i hjarta mitt og over huden; eg kan høyre bornelåt og kjenne pusten frå min kjære mot mitt kinn. Eg trekk pusten djupt og kjenner livet spre seg gjennom kroppen og heilt ut i fingertuppane. Det er som om eg må gripe etter bordkanter når tanken kjem; eg har alt å leve for.
Tida strekkjer seg bakover og tankane hugsar korleis det var for nokre år sidan;
Eg vil aldri dit meir.
Eg vil leve her og no, i dette augeblinket. Eg kjenner små bornenever trekke i meg, det knitrar av sommarfuglar i magen når eg ser ned i auga til verdas vakraste gut, eg kjenner det bruse i kjensla når eg løftar han opp, den mjuke pusten hans når han legg kinnet sitt mot mitt og kviskrar mamma;
mamma.
Vakre Villkatta.. og dei vakre orda dine.
Eg får frysningar over heile kroppen når eg les, og blir fylt opp med både bilete og kjensler.
Det er godt å kjenne på at ein ynskjer å leve i notida. Samstundes kan det verte som om ein heldt seg fast med alt ein har av kreftar.. Tviheldt på “bordkanten” som du seier.. Og med frykta for skuggene fra fortida.
Takksemd er viktig. Kjærleiken. Hugse på alt det vakre vi har akkurat no.
Me kan ikkje la frykta ta over.. Men det er viktig å leve her og no. Og slik eg ser det, så klarar du deg kjempebra med familien din!
Du gjer ein fantastisk jobb, Villkatta. Ver stolt av deg sjølv! <3
Ikveld skal eg på vakt.. Eg set pris på desse timane, for eg vert smertefullt påminna om alt det fæle som skjer i verda.
I vårt eige samfunn. Samstundes kjennes det godt, å kunne vera der for nokon.. om berre for ei lita stund.
Eg vonar tirsdagen din vert bra, vennen!
*godklem*
Gode Alven, takk for dei vakre orda dine <3 Det varmar, verkeleg, å lese.
Lukke til på vakt i kveld. Eg skjønar kva du meiner med smertefult, men samstundes godt å kunne vere der for nokon andre. Eg vonar du har ein fin kveld, og nokre fine dagar.
Takk for kva du gjer, det er viktig.
*Klem!*
Oioi, så fantastisk nydelig tekst!
Åh, takk :-)
Kjempefin tekst. Hold redselen på avstand, men nyt å ha noe å miste.
Ja, den fine balansen der er til tider vanskeleg å halde :-)
Så utrolig fint skrevet.
Og oj, som jeg kjenner meg igjen!