Verda for sine føter

Verda for sine føter

Eg sit at med ei kjensle av takksemd og glede for at me fekk feire guten vår i går med ein namneseremoni. Eigentleg hadde me ikkje tenkt til å bry oss; men no, etter gårsdagen, er eg glad me gjorde det. Seremonien var både fin og vekte tankar til å gjøyme vekk og gruble på.

Talen innehald ord om å vise omsorg, kjærleik og visdom til å sleppe taket når dei ein vakker dag er klar til det, og vone at det dei verdiane me har gitt med borna våre skal støtte dei når dei skal stå på eigne føter. Om å sjå borna, lytte til dei, møte dei på deira eigne stadar. Om å sjå himmelvelvinga i auga deira og kjenne kjærleiken i hjarta.

Dagen vart vakker og me fekk feire den med nærmaste familie og gode vennar. Sjølv om eg var bekymra for at poden er i det eldste laget, forsvant dei tankane når eg såg kor glad han var over å få ta del sjølv. Springe rundt med ballonger, herje med dei litt eldre borna, rive papiret av gåvene og sitje på fanget til oldemor. Ikkje minst for å smake muffins for første gong.

Eg er glad me valgde å ha ein markering sjølv om me ikkje er religiøse, og heller ikkje valde ein religiøs seremoni. For nokre milepæler her i livet er felles for alle, uansett tru eller livssyn. Nokre milepæler er gode å feire, markere, uansett. Å feire livet til son min er, for meg, definitivt ein av dei.

About these ads

  1. Det hørtes ut som det ble en fin dag for dere alle! :) Og jeg er enig med deg, noen ting er det viktig å markere selv om man ikke er religiøs – jeg tror at den som får en slik dag får igjen for det senere, fordi noen har fått være med å dele en spesiell markering og det er noe som aldri blir glemt. Og kanskje noen følte seg litt ekstra forpliktet til å ta litt ekstra vare på poden, etter denne dagen? Kjærlighet og omsorg kan det aldri bli for mye av.

    Ha en fin mandagskveld, og takk for koselig hilsen! :)

  2. Det var fine tankar du kom med, eg vonar at det er sånn; at det er noko me får att for seinare, óg. Me fekk i alle høve att for det på dagen, og det kjendes godt ut å inkludere familie endå litt meir.
    Ha ein fin dag, og takk for kommentar :-)

  3. Milepæler, overgangsriter, opptagelse i et samfunn er alle viktige ting å ta med i livet.
    Å feire et nytt liv, et navn, et parforhold eller bare det å signalisere en endring i eget eller annens liv betyr noe.
    For det vil alltid være noen som deltar, som ser og som vet.
    NÅ har Viljar blitt feiret som Viljar. NÅ skal mamma’n og pappa’n hans bli et ekte par.
    Så jo, markeringer er viktig, både for den enkelte og for samfunnet rundt.
    Til lykke :-)
    Mormorklem til dere :-),

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 143 andre følgere

%d bloggers like this: