Er du klar til å SNU?
Eit par veker sidan kom boka SNU . Brev til klimagenerasjonen; ein samling av essay, kunst, dikt, satire, osv. skrive av både kjende og mindre kjende forfattarar. SNU profilerar seg på å vere ei annleis bok om klimakrisen og oppfordrar til ein snu-operasjon i klima- og oljepolitikken.
Det er ikkje ofte eg skriv bøker (overaskande nok, sidan eg les mykje og skriblar litt sjølv), men akkurat denne har eg lyst til å nemne for dykk. Eg har endå ikkje lest den sjølv, men etter kva eg har funne ut om han, så er den høgt prioritert på leselista mi, og det grunna bodskapen i boka.
Redaktørane er Åsne Seierstad, Aleksander Melli, Nora Ceciliedatter Nerdrum og Simen Ekern, og boka er utgitt i regi av Norsk klimanettverk, med målsetjing om å ta klimadebatten attende. At me treng å gjere noko er det liten tvil om, og me treng å gjere det no.
Ofte møter eg på haldningar som seier seg uviljug til å innsjå alvoret i sitasjonen. Eg høyrer ofte argumenter om at klimaåtvaringane er overdrivne, endringane har berre naturlege årsakar, o.l. Har me høyrd oss lei av klimadebatten? Har me vorte distansert grunna for mykje teknisk snakk om CO2 rensing, i den grad at klima ikkje har noko med oss å gjere?
Målet med «Snu. Brev til klimagenerasjonen» er blant annet å vise at det går an å snakke om klima på mange måter. Alle kan delta. Faktisk er det viktig at alle deltar, sier Simen Ekern. (Sitat henta i frå Dagsavisa)
Eg vonar at boka vert den inspirasjonen som redaktørane ynskjer at den skal vere. Om du er nyfiken, kan lese meir om den på bloggen hjå bidragsytaren Ida Z. Sagberg, som har skrive ei science fiction-novelle i boka. Ein meir politisk vri og analyse om løysingar på klimakrisen kan dykk lese hjå Christian Bjørnes, som har pubilsert eit utdrag av kronikken sin på nett.
Det skal og nemnast at bøkene er lekre i seg sjølv. Kvar einaste bok er unik og har sitt eige, unike omslag, og kvar bok er trykka på avkapp på andre bøker. Lyst å bestille? Trykk deg vidare her.
Jeg må innrømme at jeg nærmest har glemt hele klimadebatten. Vi har kanskje blitt litt lei…?
Men takk for at du minner meg på det.
Ja, eg trur det er lett å gå lei når det kjendes ut som debatten ikkje angår ein sjølv. Reint personleg heier eg på meir fokus på klima, eller kan hende eg skal seie miljø, på lokalt nivå. Det engasjerer meir ein breiare diskusjonar om klima.
Jeg tror miljøspørsmål ofte blir for kompliserte og krever innsikt eller særlig interesse. For å lykkes må det være enkelt å være miljøvennlig. Der har kommunene et stort ansvar og miljøbevegelsene burde jobbe bedre sammen, ikke minst med kommunikasjonen slik at det blir minst mulig krevende for forbrukeren å få med seg hva som er riktig å gjøre. Det som kommuniseres ut er ganske rotete, synes jeg.
Ja, er einig med det, at det som kommuniserast ut er ganske rotete. Å bytte ordet “klima” ut med “miljø”, særs noko som gjeld miljøet lokalt, engasjerer meir ein global klimadebatt. Så her har kommunne litt å gjere.
No way out
but back..
we are not permitted any further
Growth is illusion
when our air is pollution
We are victims of confusion
searching for solution
In despair and distress
we are ignoring the obvious,-
just to use less
and not create this mess.
Should we be Amish,
or is that rubbish.
What do we need,
in compare to our greed.
Our thoughts does us treason,
when we do not reason.
We are betrayed by all that is delayed.
By: Stian Holst
Se denne linken: Slik skal en mink ha det når han ikke har familien sin rundt seg: http://www.youtube.com/watch?v=jmxUsEdkf5c
Vakkert skrive, Geir!