Kvardagskos

Å byrje att i jobb med ein baby heime har fleire utfordringar. Mannen pleier å korrigere meg at småen som spring mellom føterne våre strengt tatt ikkje er så veldig baby lengre, men i mine auge vil han antakeleg vere det til han er godt og vel 40 år gamal, om ikkje meir. Uansett; det er ikkje til å sleppe unna at seperasjonen vekker fleire tankar og kjensler i meg.

Eg er så heldig at eg kan jobbe redusert, men likevel saknar eg småen, sjølv om eg samstundes trivast med å vere i arbeid. Utfordringa vert å finne gode stundar som er berre meg og småen sine. Det er særs viktig, for som eg spøkefult seier, me er ein landsby som oppdrar guten.

Me bur saman med, og i hus atmed, utvida slekt. Han er på mange måtar heldig som får eit så godt forhold til bestemor, oldemor, og ikkje minst søskenborn, men eg er påpasseleg på at han får god kvalitetstid aleine med mor. Mor treng det! Å få denne tida var enkelt medan eg var i permisjon, no lyt eg setje av særs tid berre til meg og han, og det på eit dagleg basis.

Når det er fint vêr går eg og han på oppdagelsesferd i hagen. Det er spennande og gøy både for meg og han. Me lyt ut sjølv om det regnar òg, men ekstra kos er det sjølvsagt når sola skin. Ikkje minst legginga er viktig. Kvar kveld før han søv, sit han i armkroken min, pludrar, smilar, medan eg syng og les. Rett og slett kosar oss og gir kos og klem til kvarandre.

Neste ledd i kvalitetstid-med-mor planen min er faktisk telttur. Ja, eg har tenkt å ta ett-åringen min med ut i telt for å sova når det er fint vêr. Eg trur det vert fint, eg, samstundes som han får oppleve naturen på denne måten frå han er liten. Me skal ete bokstavkjeks og pludre om alle lydane me høyrar utanfor. Eg skal ikkje dra langt avgårde, det er ikkje naudsynt. Det er opplevelsen som tel. Hunden skal få vere med og passe på oss, sjølv om det antageleg er den firbeinte som kjem til å ville verte passa på.

Dersom du sjølv er forelder eller passar andre born, korleis passar du på å få kvalitetstid med dine unge, vonfulle?

About these ads

  1. Jeg synes telttur høres ut som en glimrende idè. Tenk å bli introdusert for stjernene og himmelen, lyset og lufta, luktene og fargene i trygge omgivelser:) Jeg husker at vi prøvde oss på noen teltturer i hagen – min bror, jeg og noen søskenbarn. Tja… 20 meter fra huset. Det er utrolig hvor mange store og farlige dyr det går an å høre når man er liten og har god fantasi:) Du er god!

    • Fekk idèen frå ei venninne av meg, som pleier å gjere dette med borna sine :-) Så kjekt at du har gode minner, det gjer meg berre endå meir motivert – eg vonar eg får telt i ettermiddag slik at me kjem oss ut allereie ikveld. Riktignok i hagen i første omgong, for oss òg.

      Ha ein fin dag, og ein super god klem er på veg til deg!

  2. Jeg husker fortsatt storesøsters (eldste datter) første telttur med far når lillesøster kom til verden og tok plass. Da ble det også viktig med kvalitetstid med ett og ett barn. Da va hun kanske 3 år, og kjempestolt! Andre gleder jeg husker godt, er fra samme alderen småen din er nå, og det er den utrolige gleden hennes over høstløvet, over mønstre og farger i hvert enkelt blad, og ikke mist å få leke i den sammenrakede løvhaugen…

    • Så fint å lese :-) Godt å lese at du har positive erfaringar frå teltturar. Eg ser det vert ein ny utfordring når nestemann kjem, men det vert ei stund til for vår del. Hausten er verkeleg vakker ja. Eg skjønar godt at ho vart fascinert over lauvet, alle dei fine fargane.
      Ha ein fin dag, kjære deg :-)

  3. Hei søte du!

    Det høres utrolig koselig ut, både med telttur og kosestund før leggetid.
    Kan tenke meg at dette er både viktig og godt for dere begge. <3
    Det er vel rundt ti år siden sist jeg sov i telt.. ikke fordi jeg ikke vil – men fordi ingen vil bli med meg.
    Og siden jeg er så mørkredd tør jeg ikke alene. :-p
    I sommer skal jeg likevel få sjansen til det, og jeg gleder meg stort! Håper det blir fint vær så man kan sitte sammen og prate, bade og grille. Det blir supert. :-D Lykke til med teltturen deres da! :-) Utvide området kan man gjøre senere.

    *stor solklem fra alven*

    • Takk for det :-) Telten står no i stova klart til bruk, venter berre på fint vêr kombinert fri frå jobb dagen derpå ;-)
      Kjekt at du skal få sjangsen til sommaren! Det vert bra, skal du sjå :-D
      Eg vonar du har det bra?
      God klem <3

  4. Jeg har ingen unge håpefulle, og jeg er grønn av misunnelse på deg, hehe. Det er en nydelig tid når de nettopp har startet livet.
    Egentlig skulle jeg lese de to siste innleggene dine, men gjør jeg det i dag, så begynner jeg først å grine og så blir jeg kokforbanna resten av dagen. Så jeg venter til en dag jeg ikke er så stresset og sliten.
    Ha en riktig flott onsdag Villkatta. ;)

    • Gode Mira, takk for fin kommentar. Ja dei siste innlegga er til å verte forbanna av.
      Eg vonar du har fine dagar og ikkje berre er stressa og sliten. Sender deg ein god klem med mykje energi og sinnsro :-)

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 141 andre følgere

%d bloggers like this: