Kva skal me med alt dette, då?

- “Nommen, vennen, satt du deg fast i paraplyen?”, godsnakkar eg til den forfjamsa guten min som sit opp i ein diger paraply, med stenger rundt føterne, og som ikkje skjønar kva som skjedde no. Etter litt om og men er han fri, og han marsjerer bestemd vidare med paraplyen på slep.

Ja, paraplyen. Ikkje det leikedyret som han kan dra etter seg som besta stolt fant fram til han. På lik linje han ikkje einser dei blinkande, syngande plastdupeditter som slekt og venar varmhjarta gir han, men han går rett til kosten eller ei pappeske. Trommesett for småborn? Ikkje aktuelt så lenge det finst ei kjøkenskuff i nærleiken.

Både mannen og eg har eigentleg konkludert at det er ingen vits i å kjøpe leiker til han, for han er ikkje interessert i dei i det heile. Det mest morosame er det me finn omkring i huset, eller sjølvsagt å vere ute i hagen og utforske. Feiekost er det klart det som er best i verda av leiker. Støvsugaren kan underhalde han medan heile huset vert vaska.

Me kjøper omtrent ikkje leiker til han, men me arvar ein heil del (til og med leiker frå eg var lita), og får meir i gåver. Det tårner skremmande over meg i stova, men småen går ganske så fort lei. Han vil heller rive bøker utor bokhylla ein å trykke på den plastdingsen som lagar ymse lydar. Helst vil han rive og utforske saman med mor eller far. Eller vere sikker på at dei er i nærleiken medan han oppdagar verda.

Det er svimlande mykje bruk og kast når det kjem til leiker, særleg virker det som bortkasta ressurser når det er heller ikkje naudsynt. Det finst meir miljøvenlege alternativ til å dynge småen i plastleiker. Til dømes gjenbruk, arv eller lage leiker sjølv. Eg har oppdaga at det mest fengjande for guten min er gjerne det me finn ute på tur eller rundt i huset medan me vandrar gjennom kvardagen vår.

Plastleiker er eit stort nei-nei om ein ynskjer ein grønn baby. Gode alternativ er leiker av tre, eller leiker ein syr sjølv. Brio har eindel gode, miljøvenlege treleiker, det same med Ikea. Ikea er dessuten snill mot lommeboka. Sidan dei små går så fort lei, går det ann å avtale noko med andre mødre; bytte ut leikene med kvarandre med jamne mellomrom.

Me  har vår del av plastleiker me og, hovudsakeleg dei som går i arv eller gåver i frå andre. Det kan vere lurt å tipse familie om å “berre” kjøpe ei leike til småen, og om dei vil kjøpe meir, så kan dei heller kjøpe ei mjuk gåve.

Misforstå rett, sjølvsagt er det nokre leiker som fengjer. Briovogna skubbar han lukkeleg omkring medan han durar “brrrrmmmbrmmm” høglydt. Koseelefanten Nelly er obligatorisk ved sovetid.  Byggjeklossar har nyleg vorte morosame – men berre hvis mamma har stabla dei opp først slik at han kan rive dei ned att. Lese bøker er óg morosamt, særleg sidan det er ein fin og god kosestund når ein liten sjel vert trøytt av å utforske.

Det er viktig å halde grusen rein

About these ads

  1. For en herlig sønn! Klart han helt vil gjøre det som kopierer deres aktiviteter!

    Du nevner treleker; Det er vel og bra så lenge han ikke er en som dunker lekene i ting eller levende vesener, om han gjør det er en plastikkleke mykere og dermed mindre farlig.

    • Takk for det ;-)
      Me har ikkje kome så langt at han dunka i noko levande, så det har eg ikkje tenkt på ein gong. Vonar det held seg slik ;-) Men å “tromme” med leikene, det likar han.

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 143 andre følgere

%d bloggers like this: