Nokre venskap strekkjer seg i tid og rom
ventar, eit heilt liv for å sleppe til,
kjærleiken har lagra seg ein heil alderdom,
med ei ro som berre skumringa kan gi.
Nyfødde fingrar grip ei rynkete, varm hand.
Auge som møtast, smil som ljoser
fram og attende i over nitti år.
Eg kjenner eg er takksam, glad
for å vitne eit tidlaust venskap trå fram.

Du verden så nydelig skrevet. Jeg får slik gåsehud (nuppegrøss), noen ganger når jeg leser det du skriver.
Alt blir så nært på et vis. :)
Takk, nå vart eg glad :-)
Nydelege ord, som viser igjen på biletet! Kjenner att denne typen “tidlause venskap”. Toåringen min er besteven med besten sin. Heilt sidan han var nyfødd, har han alltid roa seg best hjå han. No er dei ikkje alltid like rolege då, og sjauar godt på begge to når dei er i humør til det;) Men venskap er det, utan tvil! (Me òg har lyst til Mikkelparken i sommar, og med lærarferie på begge to, skulle ein tru me fekk tid. Men jammen er det litt program ein har i ferien også…) Nyt sommaren vidare, klem!
Sant det er herleg :-) Utruleg det venskapet som ofte hender mellom dei små og dei eldre. Vakkert er det, i alle høve. Eg vonar dykk får tid til litt ferie i ferien. Kjenner att det med tett program i fritida ;-) Kos dykk masse, uansett!
TAKK :-)
:-D
Varm og fin beskrivelse på et utrolig godt vennskap og et bilde som taler for seg selv <3
Dei er så herlege saman :-)
Vakkert! Og et nydelig bilde som rører et nybakt bestemorhjerte…
Takk, og gratulerer så mykje som bestemor :-)