Fingermalemoro

Grisande gøy

Her om dagen sat eg og lurte på kva i alle dagar eg skulle finne på med Viljar heile ettermiddagen. Det regna og me hadde vore ute i fleire timar før han sov middag, så å kome seg ut att freista mor lite. Likevel, guten lyt aktiviserast, så då tenkte eg lenge og vel. Første idé vart ein større suksess no som han er (snart) eit år gamal, enn då han var seks månadar gamal; nemleg fingermaling.

Eg hadde jo sjølvsagt ikkje fingermaling i hus, og heller ikkje ingrediensane til denne heimalaga oppskrifta, så eg måtte jukse littegrann. Eg blanda i hop ein kopp vatn med ein kopp kveite, ein liten dæsj med sukker, og varma det på ei panne til det byrja å verte tjukt. Etterpå helte eg i to skålar og farga i veg med konditorfarge. Eg hadde berre raudt og grønt i hus, men treng jo ikkje all verden heller. Så var det berre å slenge ut nokre blanke ark og setje i gong.

Grønt og rosa funkar fint.

Det fine med denne malinga er at den kan etast utan frykt for gift, og den er dessuten særs enkel å vaske vekk i frå både baby og møbler. Det var ikkje like enkelt å vaske den av hunden, men det var grunna dyret sine protestar, ikkje grunna sjølve malinga. Så eg tok det heile med stor ro når poden sutta på malingen, helte den på gulvet og ellers klina den overalt. Litt traff heldigvis arket etter litt diskré hjelp i frå mor og nevø.

Like før me byrja malinga sat Viljar og tromma med tresleiv og panner, og var framleis i hamremodus når me sat oss ned for å male. Tresleiva funka fint som malekost óg, den. Ekstra morosamt var det når malinga skvatt til alle kantar, mor kvein i liksom-frykt og småen hylte av fryd.

I det store og heile så vart dette ein suksess. Eg sneik bileta vekk i tur og orden, og gav meg sjølv ein mental ordre om å skrive ned dato på dei. Eg tenkjer dette vert fine gåver til besteforeldre, og ikkje minst artige babyminner. Men best av alt, det var god underhaldning på ein regnfull dag.

Kreativ malekost

About these ads

  1. Så koseleg:) Og godt tips! Eg er ikkje nett superkreativ på heimebane, så dette skal eg ta med meg vidare! Viljar har litt same sveis som guten min forresten! Har vore til frisør og prøvd å fått det klipt i dag, men ikkje så enkelt;)

    • Dette er enkelt å ha det moro med :-) Kjapt å lage klar òg, det er alltid ein fordel, i alle høve for oss!

      He he stilig ;-) Kjenner til det, det er slett ikkje enkelt å få det klipt. Me prøver å passe litt på luggen, ellers får han berre vere ein langhåra rakkarunge for augeblinket ;-)

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 141 andre følgere

%d bloggers like this: