Føterne dunker lett i bakken, mjuke dump mot det sølete graset og knasande steinane. Stien strekkjer seg bedageleg langsmed fjorden, attmed vatn, over småelver og mellom trærne. Til og vere vestlandet er stien ein uoppdaga perle; her kvar alle veger ledar opp, opp i fjella før dei vert slakke, slynger denne stien seg slakt gjennom skogen.
Lukkelege, ivrige hundepotar dundrar attmed meg og mannen sine, me spring om kapp innover i ein ro som berre naturen kan gi. Blodet pumpar, men sinnsroen legg seg likevel over brusande glede. Paddar hoppar skremd vekk, fuglane kvitrar, myggen stikk, me spring vidare.
Utover fjorden let me pusten roe seg lik freden som sneik seg innover oss, der me sit på ein trebenk, ein kvilebenk, ein fredspause. Kinn mot kinn, hand i hand, hugsar eg kvifor han vart min kjæraste. Eg kjenner pusten hans mot huden min og eg hugsar kvifor han skal verte mannen min.
Eg kjenner pels mot leggen og eg hugsar kvifor hunden fann ein heim i mitt hjarta. Eg tenkjer på guten som ligg heime i senga, medan bestemor voktar han for oss, ei kjærkomen stund, og hugsar kvar eg fann min heim. Eg let kjensla synke inn i hjarteroten til den sit fast, ordentleg fast, før eg på ny spring bortover skogen.
På veg attende til kvardagen.
Nydelig skrevet.
Glede i hjertet.
Nyt dagen, nyt livet :-)
Takk, gode deg :-)
Eg vonar du får ein fin dag!
Herlig lesning, Villkatta. :-)
Likte det godt, og kjenner gode følelser når jeg leser.
Du er flink!
Her er kommet en del siden sist, og det er bare kjekt. Så nå skal jeg kose meg med det jeg enda ikke har lest..
Ha en nydelig kveld!
*alveklem*
Kjekt å sjå deg att, gode Alven :-)
Eg vonar du har fine dagar.
God klem!
Jeg elsker tekstene dine!
Den beste bloggen!
Åh, tusen takk for så fine ord!
Nå vart eg veldig glad! :-)