Eit år med mykje kjærleik

Gratulerar med dagen, sjarmtrollet!

… og lite søvn, bør eg føre til. Tenk, i dag har eg vore mamma i eit heilt år. Vel, nesten, klokka halv elleve i kveld har eg vore det. På denne tida for eit år sidan låg eg på sjukehuset og forbanna verda. Men det var verd det. Det vetle (eller eg bør seie store) mirakelet mitt har vorte eit år i dag. Eg burde styre vekk i frå slitte frasar som tida går så fort, men tida går faktisk fort. På dette året så har livet mitt endra seg drastisk. Eg er framleis meg sjølv, men eg har lærd så mykje langs vegen.

Eg har kome betre i kontakt med kjenslene mine, eg har vorte meir audmjuk. Samstundes har eg vorte sterkare, flinkare på å setje grenser for kva eg tålar og kva eg vil, fordi eg må prioritere tida knallhardt. For å kunne ta vare på sonen min, for å kunne gi han alt eg vil gi han, er det naudsynt å ta vare på meg sjølv samstundes. Dimed er eg flinkare til å seie nei, og lytte til kjenslane mine, finne ut sjølv kva som er greitt for meg og familien min. Eg har vorte tryggare som person fordi eg har vorte trygg som mamma.

Medan eg skriv dette, høyrer eg mannen i diskusjon med nevøen min om kaffi er naudsynt eller ikkje; “berre vent du, når du får deg born og familie er du kronisk trøytt heile tida”. Det er ikkje heilt slik, men dagane går i eit, og eg trivast med det. Fordi mest av alt, har eg lærd meg kva vilkårslaus kjærleik verkeleg er for noko.

Nevøen på 15 år baka kaka for dagen.

Eg og mannen stod på kjøkenet og lagde pølser, pizza og muffins til bornebursdag, og tanken slo meg at nå kjende eg meg vaksen. Det heile kjendes så underleg ut at eg stod her og lagde til bornebursdag. At vennane våre med småborn snart kom for å dele gleda med oss.

Feiringa gjekk som ein draum, og eg anar ein fordel med at poden vart født på sommarstid. Alle dei sju små fekk herje fritt på plenen, kaste seg ustyrlege på trampolinen, før me runda av dagen med å bade nede ved fjorden. Sola var på sitt varmaste og himlen på sitt blåaste, latteren sat laust og det kalde vatnet forfriska våre matmette kropper.

Om kvelden sank eg saman med tanken; eg er lukkeleg. Lukka sit framleis i hjarta. I dag vakna eg av småen som låg og prikka meg i auga, medan han babla som ein foss. God morgon, lukketrollet mitt, og gratulerar med eit heilt år her i verda.

Moro med vatn

About these ads

  1. For et fint ettårs-innlegg! En kjærlighetserklæring.

    Det er store forandringer en går gjennom når en blir gravid og det første året etterpå. Det er ikke så mange ytre forandringer som indre endringer. Å få være sammen med barnet sitt og virkelig oppleve det er det største man kan, tror jeg.

    Gratulerer så mye med dagen, villkatta!
    Det er vel så mye din dag.

    • Takk for fine ord og gratulasjonar! :-)

      Ja, det trur eg óg. Det er i alle høve det største eg har fått oppleve, i alle høve, og det er så mykje meir ein kva eg nokon gong vona eg skulle få oppleve. Ein god dag å vere takksam på.

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 143 andre følgere

%d bloggers like this: