Nedtellinga har byrja

Eg vakna med ei kriblande kjensle i magen, som utvikla seg litt til panikk; hovudet tek ei rask vurdering og kjem til konklusjon at det meste er under kaoskontroll. Kjenslane hoppar attende til å vere kriblande, og sommarfuglane tek salto. Ei veke att til bryllaupet! Nedtellinga har byrja, og nå berre gleder eg meg. Vel, i dag så berre gleder eg meg, eg tenkjer dei siste dagane veksler eg fram og tilbake med panikk.

Eg har fått ei av mine næraste venninner, samt far min, til å syngje før og etter vigsel. Me har leid inn stolar, samla saman bord, halvvegs ferdig med songhefte, programmet er klart i hovudet, det gjeld berre å skrive det ned, innkjøpa er halvvegs ferdige, me har kontroll over kven som kjem. Eg har ein plan på kva fine ord eg skal seie til mannen min under vigsel. I det store og heile, så nærmar alt seg raskt og sånn ca. etter planen.

Me skulle jo eigentleg har ein liten vigsel med berre forlovarar. Kva skjedde? På eit eller anna tidspunkt gav me opp og inviterte alle dei me hadde lyst til å invitere. Me skal ha både vigsel og fest i vår eigen hage, nede ved fjorden, det skal vere på dagtid, utan alkohol og bornevenleg. Eg har oppmoda alle å ta med badetøy dersom vêret vert fint. Kan hende ikkje heilt tradisjonelt, men bryllaupet vert typisk oss. Det får berre våge seg at det vert større, med meir planlegging, enn eg først hadde trudd. Eg er sikker på at det vert bra, eg, og det er verd det, for å få feire dagen med alle dei me bryr oss om og er glade i.

About these ads

  1. Oisann, det har jeg ikke fått med meg: At du snart skal gifte deg!
    Det er ikke lenge til, men den tiden som er igjen blir sikkert veldig spesiell. Litt vanskelig å sove, kanskje?

    Så flott at dere har funnet deres måte å feire på og ikke gjør det som “alle” gjør uten at det er forankret i dere selv. Håper det blir akkurat slik dere ønsker dere og har håpet på!

    • Ja, kjenner det er mange tankar og kjensler som fyk omkring i hovudet og magen om kveldene! ;-) Skummelt-spennande!

      Takk for det :-) Lyt berre krysse fingrane for vêret sidan me satsar på å vere ute…

  2. Har aldri fått en bryllupsinvitasjon med teksten “ta med badetøy” før.
    Fantastisk. Jeg elsker det. :-)
    Lykke til med de siste forberedelsene. Jeg gleder meg til å høre hvordan det gikk.

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 143 andre følgere

%d bloggers like this: