356 dagars fotoutfordring

Eg har bestemt meg for å hive meg ut på ein av desse populære 365 dagars utfordringane. Eg trur det vert ein fin måte å lære meir på, og halde i gong kreativiteten min. Eg har grubla lenge på korleis eg skal gjere det. Eit bilete kvar dag? Eller skrive noko kvar dag? Eller rett og slett berre gjere noko kreativt kvar dag? Det eg har lyst å utvikle er både skriving og foto. Skrive får eg gjort her på bloggen uansett, så då skal eg dokumentere fra no av, i eit års tid, livet mitt i form av bilete.

Eg kjem ikkje til å poste bileta her kvar dag, fordi eg er redd for at det vert for mykje innlegg her. Særs sidan eg kjem til å skrive som normalt heile vegen. Likevel, målet er å poste bilete minst ein gong for veka, helst fleir. Eg skal ta bilete kvar einaste dag og velje ut eit av dei, og kan hende skrive ned nokre ord. Sjølvsagt, dersom eg er veldig nøgd med fleire så postar eg fleire, men det skal vere minst eit for kvar dag i 365 dagar. Dette vert ein spennande måte å samle minner frå livet mitt på, samt eg får utfordra kreativiteten min. Kan hende vert eg ein betre fotograf i same slengen?

Utfordringa til meg sjølv starta i går, 14. 07. 2012, og varar dimed til og med 14.07.2013. Eg er klar over at dette kjem til å verte litt av ein jobb, så terskelen er låg – eg knipsar av kva som helst, frå mobil om eg ikkje har kamera. Det kjem ikkje til å vere meisterverk, og eg kjem nok ikkje til å vere nøgd kvar dag. Til sist skal eg få lagd ei bok utor alle bileta som eg skal ha sjølv. Dette vert spennande. Så vonar eg at dykk lesarar får noko glede av det, óg. Eg kan like godt byrje med bilete frå i går og frå i dag. Så kjem det meir foto i slutten av veka, før bryllaup og bryllaupsreise.

Laurdag 14. 07.2012

I dag byrja me på dissestativet til Viljar, før me reiste rundt og vitja slekt.

Sommaren ville vere med oss inn i huset

Det er viktig å hjelpe

Men det viktigaste er kosetid

Sundag 15.07.2012:

Dagen brukte me hovudsakeleg ute. Viljar fekk seg nytt dissestativ, samt hjalp besta å luke ugras, medan mannen kasta fotball og pinne med hunden. Eg sprang rundt med kamera og prøvde å fange augeblinka. Ikkje alltid like lett med motiv som ikkje vil stå i ro. Den einaste som ville posere sånn nokonlunde var den gamle katten. Han sat bedageleg på trappa og betrakta oss galningar som fauk omkring.

Kaste, kaste stein

Sjå, eg kan luke ugras óg.

Vår stolte, gamle krigar

Klar, ferdig… Action!

Mmmm… Pinne!

Brått tok leiken slutt

About these ads

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 143 andre følgere

%d bloggers like this: