Bryllaup på budsjett

Dette har vore det store budsjettåret for den vetle familien min, sidan me har som mål å verte kvitt all gjeld me kan, før den nye leiligheita (les: det nye huslånet) står klart til neste år. Året har hatt sine utfordringar på ymse måtar, men erfaringane har stort sett vore positiv. Me har blant anna byrja med hobbyar og kvardagsaktivitetar som ikkje kostar stort og er gøy for vaksen, baby og hund. Me har stoppa mykje forbruk som slett ikkje er naudsynt, og på den måten har me samstundes vorte meir miljøvenlege. Eg har lyst å skrive meir om nettopp dette, men det får vente til ein annan gong.

For i dette innlegget ville eg dele nokre tips til bryllaup, sidan det er høgsesong for det. Den største utfordringa så langt har vore nettopp å planleggje eit stort bryllaup, med alle våre nære og kjære, på eit stramt budsjett. Det er fult mogleg for dei som ynskjer å gjere noko meir utor det ein berre ein seremoni utan noko meir etterpå (som sjølvsagt er det som kostar minst).

Me er så heldige at familien har ein gamal gard på landet som me kan feire dagen vår på. Seremonien kosta litt (4500 kr for å få vigslar til å kome), men dette fekk me i gåve av mor. Difor slapp me kostnadar ved leige av lokale. Denne idèen er god sjølv om du ikkje har nokon med ein gard eller hytte i familien; til dømes i ein park eller på fjellet. Sidan eg bur på regnfulle vestland har me ein back-up plan på å lage til presenningar over verandaen dersom vêret er stygt. Men det går jo an å ha ein fest heime eller låne huset til nokon som har litt plass.

For å ha råd til maten, har me invitert til korgfest. Me har bedt om at ingen skal gi oss gåve, men heller ta med noko til sjølve festen, slik at me kan få råd til å feire dagen vår med dei. Tanken er at alle tek med seg noko til å setje ut på eit stort bord, så kan alle forsyne seg av det. Eg har høyrd andre, i sine bryllaup, som har spurd sine nærmaste om dei kan ta med seg fire middagar til å dele ut til gjester.

For å unngå kostnadar med pynt, så lagar eg det sjølv. Eg er ikkje særs flink til sånt og har dårleg tolmod, så for meg er det om å gjere å få det enkelt. Eg plukkar blomane sjølv og legg dei omkring på borda, eg har funne små steiner som eg skriv kjærleik på for å pynte litt. Gamle glasflaskar og syltetøyglas vert pynta med raude band og nytta som vasar.

Eg har ikkje bryllaupskjole, men eg har ein fin kjole for anledningen. Kjole er for fleire det store pengesluket, etter kva eg har skjønt. Skulle eg hatt bryllaupskjole, og det på budsjett, ville eg nok ha kjøpt brukt eller høyrd om nokon har ein hengande i skapet. Eg kjenner forbausande mange med ein slik kjole skapet; det er eit fint minne å ta vare på, får eg høyre.

Det var nokre idear på korleis å få til eit bryllaup på budsjett. Kostnader som me har hatt var leige av ekstra stoler (gamle hagebord hadde me fleire av), bordduk, servietter og glas, og ein kjole som eg ville gå med. Eg vonar det kan vere til hjelp, dersom nokon går med festplanar i hovudet.

About these ads

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 143 andre følgere

%d bloggers like this: