Flimrande bilete frå nyhenda tvingar auga attende, men eg tenkjer, nei. Opn auga. No. Eg ynskjer å snu blikket vekk, eg ynskjer å lukka auga og gløyme det eg ser. Tenk å kjæle for seg sjølv i den grad det vert ein eigen kunst. Men eg kan ikkje, og eg vil ikkje, gløyme, og eg kan ikkje, eg vil ikkje, lukka auga. Eg har denne stemma i hovudet mitt, som kviskrar brølande;
Opn auga. No.
Eg opnar auga og eg ser, eg kjenner sorga, avmakt, maktesløyse, eg ser, eg vert sint, eg vert redd, eg vert alt i eit spekter fra A til Å, men eg ser. Eg ser to-åringar som søv med ein skitten bamse på gata fordi foreldra har vorte drepen i krig. Eg ser dei drukna kattungane ingen ville ha. Eg ser dei livredde menneska som spring i gata; men kven kan springe i frå ei kule? Eg ser jord som gret medan asfalten grev grava endå djupare, ein kveldande røyk som drep liv i luft, og svart daud som ligg seigt over det som ein gong var eit blått hav.
Opn auga. No.
Eg ser, eg knytar nevene, eg har lyst å gråte, eg har lyst å brøle. Eg kjenner meg så liten og makteslaus, men i det minste, eg ser. Eg ser, og eg gjer det eg kan, det einaste eg veit at eg kan heilt sikkert; eg skriv. Forteljingane er der ute, ventar på å verte skrive. Eg ser, og eg skriv, og eg opnar auga, sjølv om eg verker etter å lukke dei attende.
Desse dagar er det noko som vaknar inne i meg. Eg veit ikkje kvar dette vil ende, kva det vil lede til, men eg skriv, eg ser, og eg vonar at eg finn vegen snart.
Dette traff meg beinhardt langt inne i kroppen. Jeg har for tida sluttet å se nyheter, fordi jeg ikke helt har et filter som virker, alt gjør vondt og treffer nerver. Det har i grunnen vært slik i ganske nøyaktig et år nå. Men jeg er enig med deg. To ting kan vi hvertfall gjøre mot urettferdigheten; se og skrive. Snakke om det. Si hva vi mener om hva som er galt her i verden. Bare slik skapes endring også. Jeg er veldig, veldig spent på å se hva som kommer når du finner veien!
Kjenner meg att, med det. Eg er såkalla hypersensitiv, det vil seie eg er utan filter. Eg tek alt inn, av lyd, lys, stemingar, kjensler. Men tenkjer eg kan bruke det til noko positivt, no, istadenfor å gjøyme det vekk. At det kan vere ein styrke.
Godt å lese kva du skriv; kva vi kan gjere. Eg er så eining, men av og til treng eg å høyre det av andre, for å bekrefte at eg faktisk kan gjere noko. Lett å miste motet.
Vi skriver og forteller og gråter og blør.
Verden ruller forbi oss i alle medier
og alltid er det noen som dør.
Vi gjør det lille vi kan, når vi kan
og håper å slukke en brann.
Mormorklem
Så flotte mormorord :-) Dei likte eg! Takk for kommentaren.
Klem!