No har det seg slik at alle planar om reisebrev, innlegg med bilete, og anna småknask som eg ville skrive om, er satt på vent. Rett og slett av omgongssjuka som herjer i heimen. Eller, det vil seie, herjer i småen. Eg sat der relativ fortvila seint i går, og då kjem det så fint i frå mannen: “Jaja, slik vert det dei neste femten åra. Spy overalt.”
Det er forsåvidt greitt, men det verste var at til og med dyra byrja. Det fekk meg til å innsjå ein snodig (u)vane hunden har; kvar einaste gong ho må spy, spring ho alt ho kan for å rekke fram til nærmaste teppe. Neida, det er ikkje snakk om laminat eller overflatar som er lette å vaske. Det skal vere eit teppe, jo meir langhåra jo betre.
Eg har lenge trudd det var samantreff, men det er ikkje det. Det er med fult overlegg. Eg undrast; gjer ho det med vilje fordi det er verre å gjere reint? Trur ho at det er eit form for innandørs gras som dimed skal brukast til slikt formål? Du kan sjå desperasjonen i blikket hennar om det ikkje er eit teppe i nærleiken.
Du kan verkeleg sjå at ho held inne til ho når fram til mjukt underlag. Om eg prøvar å styre ho i retning laminat, eller betre, ut døra, er det panikk og full kast på kroppen. Det skal me ikkje ha noko av, nei. Skal ho vere dårleg, så skal ho vere dårleg akkurat der det passar ho.
Ho er ikkje aleine. Kattene er slik óg. (Kan hende småen óg, ettersom han har nytta fanget til både meg og mannen, pluss to forskjellige senger). Men faktisk, kattene er verre. Kattene er alltid verst. Dei har fordelen med å kunne klatre og får dimed tyngdekraften på si side, noko som dei utnyttar til det fulle. Det beste for dei er sjølvsagt å nytte sofaen eller ein stol. Helst godstolen.
Så sit dei der då, triumferande, oppå ein stol, og glor med gule auge. Vel vitande at dei at dei toppa det heile atter ein gong. For sjølv om det kjendes ut som eit hundeliv her i heimen i desse (sjuke) dagar, er det aldri nokon tvil om kven som eigentleg regjerer her. Det er pusekattene, det.

Hei Villkatta! :-)
Fælt at det er omgangssjuke på gang.. Det er alltid slitsomt!
Håper at det går over fort.
Voffen min er litt lettere når han må kaste opp.. Han går mot døren og vil helst være på gresset. Har det litt lettere da, enn med katter og hunder som spyr på tepper eller møbler. :-p
Håper lørdagen deres blir bra, likevel!
*alveklem*
Drømmevoffsen! ;-) Han har litt å lære Tuva!
Laurdagen vart grei nok den, fekk roa småen og då var det sofa, cola og sjokolade-popcorn, & dvd med heile sesongen av Broen på skjermen. Kos :-)
Har du det bra? Vart helga fin?
Klem!
Kjære noen, det er slitsomt med syke barn og syke dyr. Særlig når de insisterer på å spy der de ikke skal. God bedring til alle sammen og en digermormorklem kan kanskje være på sin plass ?
Ha en bedre søndag da :-)
Mormorklemmen kom vel med :-) Sender ein stor klem attende :-)
Huffda.. Jeg måtte nesten le litt og, jeg, selv om jeg skjønner at det sikkert ikke er så festlig å stå midt oppi det. Men jeg så bare alt så levende for meg:) Håper på god bedring for både folk og fe hvertfall!
He he, eg kjende at eg måtte enten le eller grine, så då tok eg valet om å sjå humoristisk på det ;-) Så berre le, du :-)
Hahaha, den var fin. :D De neste femten åra…
Fine søndagen på deg Villkatta. ;)
Mira :-D Klem til deg!