Mørket kom plutseleg snikande på meg. Eg veit ikkje heilt korleis eller kortid, men ein morgon var det der. Kvilande tungt over fjella som rava omring meg, dro meg mjukt i eit modus eg ikkje var klar for.
Samman med mørket banka rutinene på døra. “Kom inn”, kviskra eg undrande og ynskja samstundes overgongen frå student, til deilig mammatid, til yrkeslivet, velkomen.
I mørket og regnet tenner eg mine ljos og skapar eit nytt liv for meg og mine, med alle endringane som hausten førte med seg. Tida vert vegd i gull, og nye tankar melder seg, tankar om å yte best mogeleg på jobb samstundes få mest mogeleg tid heime. Og tid til fjas – ikkje minst tid til fjas.
Eg meistrar det.
Eg meistrar, eg får til, og eg veks. I dag er det tid for heime. Denne fredagen, har eg og poden, som alltid, tatt helg før alle andre. I mørket og regnet tenner me kjærleikens ljos og lar den varme oss; varme oss heilt ut i det fri.
Me pakkar sekken og tek oss ein fjelltur for å sanke konglar og sjå på dei fine fargane. Naturen sin eigen fargekart, og me ska få vere med å male.
God helg!
Deilig tid, når den hvisker om gleder ved lys og varme.
Nyt :-)
Mormorklem
Ja, ikkje sant :-)
God klem!
Eg er glad for at du meistrer!
Det er slik ei god kjensle. :-) Mørket omringar oss..hausten er her. La oss nyte dei vakre fargane og den deilige naturen..iallefall her i nærleiken. ;-)
Jaaaa, ikkje sant! :) Eg er glad i haust!
God klem!
Du mestrer pennen også villkatta, det er en nytelse å lese når du er i det lyriske hjørnet :-)
Takk for så utruleg fine ord, god tilbakemelding å få! :-)