I sommar vart det mykje snakk om hundar som bit. Som hundeeigar, så har eg eit stort ynskje om at vaksne tek seg tid til å lære born om hund. Men det er kan hende ikkje særleg lett om ein ikkje veit noko sjølv. Eg har vore bort i fleire situasjonar kvar vaksne oppfordar borna sine til å helse på hunden min utan å spørre meg eller utan at dei veit noko om hunden. Borna veit heller ikkje korleis dei skal helse, og eg har måtte stoppa born som vil gi hunden ein klem. For voffsen er det skremmande, og det kan lett setje oss alle i ein farleg situasjon.
Som hundeeigar er det fleire ting me kan gjere for å unngå farlege situasjonar; til dømes, ikkje gå i frå hunden utanfor ein butikk. Det kan vere særs stressande for hunden, og ofte ein stor fristelse for born. Hundar kan dimed lett verte skremde. Dessutan har eg ingen kontroll over kven som kjem bort til hunden min, og kva dei vil gjere med den. Det er nok av stjålne hundar rundt i landet. Heller ikkje sleppe hunden i områdar det går folk på tur med mindre du har full kontroll på innkalling og det ikkje er bandtvang, for lause hundar kan lett skape frykt og farlege situasjonar.
Min personlege meining er at den beste måten å unngå farlege situasjonar med hund, er å lese hunden sine dempende signalar. Hundar nyttar desse signalane til å kommunisere med kvarandre, og med oss. Desverre så er ikkje så mange flink til å lese dei, eller veit om dei i det heile. Dempende signalar kan til dømes vere gjesping, slikke seg rundt munnen, klø seg, snu ryggen til, vri hovudet vekk, etc. Kan hende ikkje så ulikt mennesker? Mange mennesker som er uroleg eller nervøse kan sitje og fikle med håret, byrje å klø seg på armen, og så vidare. Eg som har både born og hund, observerer aktivt signalane hunden gjer ut, og respekterer og handlar ut i frå dei.
Hva er dempende signaler? Dempende signaler er enkelt og greit signaler som hunden sender ut for å i hovedsak unngå at konflikter oppstår. Hunden bruker signalene for å vise hvor vennlig den er, skape trygghet hos andre individer, for å vise at den er trygg og god og ikke vil noen andre noe vondt. Hunden kan også bruke dempende signaler for å dempe seg selv, for å dempe uro og stress og for å generelt roe ned omgivelsene rundt seg i form av høye lyder, bråe bevegelser og andre uroligheter.
De dempende signalene kommer lenge i forveien før hunden viser avstandsøkende signaler som bjeffing, knurring, glefsing og til slutt bitt dersom den ikke blir respektert. Signalene blir brukt som en slags prevensjon mot konflikter.
Dette sitatet er skrive av ein hundetrenar som nyttar dempende signalar aktivt i treninga. Bloggen hennar, Positiv Hundetrening, kan du lese her. Sjølv dei fleiste ikkje har ynskje om eller treng setje seg inn i dette med signalar, er det greitt å ha i bakhovudet at dersom småtrollet ditt leiker med ein hund som byrjer å gjespe eller klø seg febrilsk, er det på dette tidspunktet du må gripe inn. Ikkje vent til hunden evt. knurrar eller glefser før hintet vert tatt. Men uansett om du eller bornet ditt pleier å vere i nærleiken av ein hund, er det viktig å hugse på kva nettopp dette bilete visar til:
Dessuten er det hundeeigar sitt ansvar å passe på at hunden ikkje vert tvinga inn i helsningar den ikkje har lyst til. Eg tykkjer det vert skrive så bra i Positiv Hundetrening: “Hadde hunden (…) enten vært i bånd, blitt kommandert strengt, og man lot barnet gjøre som den ville med hunden, ja, det er akkurat den perfekte oppskriften på å få en hund som biter barn på”. Det er viktig at hunden får helse slik den sjølv vil, eller respektere det at hunden ikkje vil helse i det heile tatt. Og at sjølve bandet som hunden er festa i er ein trussel i seg sjølv; hunden får ikkje trekke seg vekk/gå sin veg etter eige ynskje.
Og med desse orda ynskjer eg dykk ein god laurdag i finvêret, og vonar på godt samspel mellom dykk og hunden dykk treff i helga.


Så sant, så sant.
Skulke gjerne vært på fjellet med hunden idag, men tilfeldighetene vil det annerledes.
Håper dere får en nydelig helg sammen med voffen deres!
Kleeem
Eg og småen og voffsen har i fjellet i fire timar her om dagen. Herleg!
Kom og bli med ein dag du har tid :-)
Klem
Dette var et veldig viktig og nyttig innlegg! Jeg er godt vandt med katt, og er jo mye det samme som gjelder, men likevel godt å få en påminnelse om hvordan man skal forholde seg til hund. Spesielt siden jeg har en datter på 17 mnd som synes dyr bare blir mer og mer spennende. Så takk!
Berre hyggeleg! He he ja kjenner til det, son min er slik óg. Eg må ofte redde pusekattane til besto, óg ;-)
Nå lærte jeg masse, selv om jeg har hatt to hunder i oppveksten. Takk så mye for det, og riktig god helg til deg:)
Så kjekt! No er det snart helg att, så eg får ynskje deg god helg på forskudd! ;-)
Takk for det! Håper helga di er fin også:)
Takk for god opplysning.
Ha en god mandag :-)
Ha ein fin dag, mormor! :)
Fint:) Et herlig barn du har fått!
Takk ;)
Så søte de to var. Idyll. :D
Fint at du skriver om dette Villkatta. Det trengs.
Ønsker deg en fin søndag kveld. ;)