Dagane flyr lik haustvinden som blafrar gjennom dei, og eg flyr med vinden. Raude kjakar og hår til alle kantar, lett på foten lik vindpustet som kyssar meg god morgon. Desse dagane kan eg vinne verda. Desse dagane kan eg i alle høve vinne meg sjølv.
Det gjer ingenting at dagane er travle så lenge eg meistrer. Det gjer ingenting at tida fyk så lenge eg har ein heilag, liten havtime-time på kvelden til å ete vaniljekesam, bær og lese bok. Den stunda er freda. Den stunda er min, berre min.
I mellomtida samlar det seg bøker på “les-meg!” lista mi. Eg kjempar meg igjennom Kjempenes Fall, medan Snuff av Terry Pratchess sit utolmodeg på nattbordet og ventar. Les meg! kviskrar det stadig, høgare boktårnet instendig til meg, medan eg i vanmakt sukkar, “når tida strekk til. Eg har berre ein heilag halvtime!”. Problemet med å ikkje ha tid til å lese like mykje som vanleg, er at bøkene ser meir freistande ut ein dei gjer til vanleg.
Skriv meg! Ropar det påbyrja bokprosjektet skuffa. Seinare, sukkar eg, utan å i det heile ville definere når dette seinare kjem. Trøyst deg med, kjære bok, at du står høgt på lista mi over mål og ambisjonar, sjølv om du får være i fred for tida.
Gjer meg ferdig! mumlar scrapbooka til småen ilter – den som skulle dokumentere det første leveåret, men til no dokumenterar tida fram til permisjonen var over. Strikketøyet minnar meg fint på at poden snart vil ha ullbuksa si, og nye episodar av TV-seriene mine får vere nettopp det – nye og usette. Fram til neste ferie.
Men det er greitt, for no er tida for noko anna. Nye prosjekter er på gong. No er tida for å vere med småen, vere på jobb, samle inn fagkunnskap og lære å meistre livet på nye premisser. Eg formar meg meiningar og syslane mine strekk seg utor meg sjølv og ut til samfunnet. Eg vågar til og med å draume om politikk. Og eg elskar kvart sekund av dette.
Har du eit boktårn som veks seg høgare? Kva står på leselista di?
Å kjære, Leselisten?
Aner nesten ikke hvor jeg skal begynne eller slutte.
Omigjenlesing tar tid, når man leter etter noe man har lest en gang, men ikke helt husker hvor.
Nye bøker ligger og venter, Og det skal de få lov til.
Til det er ferdig med øyetrøbbel og jeg blir klarsynt og ikke gråsynt.
Nå er det kasteblikk i bok , lese tyve sider og så finne noe annet for øynene.
Nye bøker, som jeg ikke kjenner, fortjener bedre. :-)
Lese litt, må jeg. Om søvnen skal komme.
Så der ligger Martin Luthers skrifter klar, sammen med Hume.
Det er definitive igjenlesning uten å lete. så det går bra :-)
Ha en vakker kveld, med gode gutter og bøker :-)
Takk for det mormor, eg ynskjer deg ein vakker dag, fylt med det du måtte ynskje, med eller utan bøker :-)
Eg likar godt å lese om att bøker.
Det er fint.
Sånn er det – akkurat sånn. Det roper fra alt vi vil bruke tida vår på, men dagen har bare de timene den har. Og lesehaugen – den er snart like høy som meg. Jaja:) Det er som du sier; alt til sin tid! Jeg slutta med politikk nettopp for å ha tid til andre ting, som litteraturen. Før tok politikken all min tid, i mange år. Og jeg kommer nok helt sikkert til å begynne å engasjere meg igjen, men akkurat nå føles det godt med en liten pause. Desto viktigere at andre fornuftige mennesker begynner med det da, så realisér politikkdrømmen din, du! :)
Ja, dagane skulle vore litt lengre ;-) Men eg er i alle høve nøgd at eg lærer å begrense meg, i stadenfor å tru at eg skal klare alt heile dagen. Eg trur det viktig å lytte til seg sjøv om kva ein vil prioritere tida til, og ta pauser når ein treng få noko anna inn i livet. Og ja – eg trur eg skal realisere den, men er på utrygg grunn så nyttar høve til å samle inn kunnskap endå litt til.
Jeg har alltid en bok gående, men jeg leser mindre nå enn før. Derfor står det alltid bøker i ulesthyllen min. Selv om jeg kjøper færre bøker også, jeg har rett og slett ikke plass til dem, da må noen av de gamle ut.
Jeg leser mindre, men jeg leser på en mer intens måte tror jeg. Akkurat nå ler og gråter jeg mens jeg leser Bjørneboes utvalgte brev.
Lesning er alltid prioritert,, men på en litt annen måte. Det er som om jeg mer prioriterer å være til stede, uansett hva jeg gjør.