Debatt og ytringar på nettet

Dei to siste dagane har eg fått oppdatert meg litt i bloggverda, og eg vart sitjande å grunne over dei siste blogginnlegga til Frøken Makeløs, og andre innlegg som Lammelaaret sitt innlegg: “Mammablogging – krangling eller konstruktiv debatt?”. Særs ei setning frå Frøken Makeløs vart sitjande i tankane og spinne:

Jeg ønsker at flere kvinner skal delta i debatter og tørre å si hva de mener. Og jeg ønsker enda mer at kvinner skal slutte å bruke så mye energi på å gjøre alle andre til lags.

Akkurat dette gjekk rett heim hjå meg. Grunnen til eg har festa meg ved desse innlegga, er fordi eg har lyst å meine noko, men held att. Eg har ikkje noko problem om å blogge personleg om vanskelege tema, men eg har ikkje turd noko særleg å ytre meininger i debatt. Det er i og for seg greitt nok det, sidan eg tykkjer at det er viktig å fortelje personleg om det vanskelege, men eg, reint personleg, har så utruleg lyst å ytre meiningar og kaste meg ut i både politikk og debatt.

Eg er overtygd over det vi ytrar betyr noko. Særs summen av ytringar. Eg trur, eller i alle høve så vonar eg, at internett vert eit nytt forum for den offentlege samtalen - sjølv om mykje vert skrive privat. Internettet har den unike formen ved at mange fleire kan delta i samtalen, samanlikna med meir tradisjonell media. Og sjølv om internettet kan vere så stort og uoversikteleg at enkelte stemmer kan gå tapt, så kan den totale summen ha mykje å seie.

Når det er ei sak ute og går som eg gjerne vil ytre noko om, skriv eg personleg og baserer meg på erfaring. Eg har blogga om mobbing, avhengighet og vegen attende til livet, og om skamkjensle ved å ikkje kunne amme mitt eige born. Men å ytre ei politisk meining, eller sei noko om ei sak eg ikkje kan basere meg reint erfaringsmessig på, det er skummelt. Før i tida så syntes ikkje eg at eg var god nok, og dimed vart det endå viktigare at andre syntes at eg var god nok. Det heng nok framleis litt i.

Eg trur at mykje av grunnen, fram til no, til at eg ikkje har turt å delta i debatt er fordi eg ikkje har vore trygg nok på eigne meiningar til å kunne stå får den kritikken som kan kome til svar. Livet mitt og erfaringane mine dei er som dei er; det einaste som kan forhandlast med er korleis eg vel å tolke og bruke fortida mi vidare med meg i livet. For meg så er det mykje meir vanskeleg å verte trygg på meiningar enn å verte trygg på erfaringane mine, sjølv om mine meiningar vil nok alltid vere basert på mine erfaringar.

Sjølv om eg stadig vert meir trygg på og glad i meg sjølv som person, så har eg ikkje vore trygg nok til å delta i debatt utan å tolke tilbakemeldingar personleg eller byrje å tvile veldig på meg sjølv. Det tek tid å omprogramme hjernen, som har brukt mange år på fortelje meg at eg ikkje er god nok. Det vil dimed seie, at eg har brukt alt for mykje tid på tru at meiningane mine ikkje er gode nok.

Det tok meg lang tid å verte kjend med meg sjølv og finne ut kven eg er. I byrjinga av tilfriskninga mi måtte eg skrive ned ei sanse-dagbok for å byrje å sjå kva eg likar og ikkje likar. Det vil seie, gjere det så enkelt ved å til dømes skrive ned kva lydar som var fine, kva lukt eg likar, og lignande. Sakte men sikkert dei siste åra har eg lærd mykje om meg sjølv, og per i dag kan eg stå fram og seie dette er meg, og at eg likar å vere meg.

Vegen har vore lang, og eg har endå eit stykke å gå. Eg har funnet ut at eg eigentleg er ei samfunnsbevisst jente som ynskjer å gjere ei forskjell i kvardagen, som ynskjer å redde verda, eller i alle høve gjere mitt vetle bidrag til å redde verda. Sakte men sikkert vaknar politiske ynskjer og ambisjoner, og ei trong til å vere ei stemme. Men meiningane mine tek like lang tid å bygge opp som det tok tid å verte kjend med mine kjensler.

Men det brenn litt i meg fordi eg sjølv ynskjar å delta i debatt, gjerne politisk debatt. Difor er det synd at eg har ikkje brukt denne stemma mi på den måten eg gjerne ynskjer. Eg er overtygd at det kjem. Eg har ofte spøkt med at eg er ein idealist utan retning, men den retninga har eg fått no den siste tida. Mitt engasjement veks for kvar dag. Men saken er grei – eg må samle kunnskap og verte trygg på kva eg står for, før eg tørr delta i debatt på den måten eg ynskjer å delta. Og om det tek tid å gjere det, så får det berre gjere det. Meiningane vert ytra når eg er moden for det. Ellers så vil eg ikkje kunne takle kritikken – eg må få verte så trygg at eg kan stå med rak rygg for det eg seier.

Men eg må få leggje til at eg har positive erfaringar frå dei gongane eg har kasta ut stemma mi. Det fine med det er at eg kan få nye tankar, inspirasjon eller tolkningar frå andre som kan endra synet mitt på saker. Dessuten får eg vere ei stemme, ein del av felleskapet, og vite at eg gjer noko for samfunnet. Eg trur likevel at eg har gjort eit viktig bidrag ved å til dømes fortelje mobbehistoria mi på Barne-TV, og eg trur verkeleg at dei personlege historiane er viktige. Ikkje minst er det ein viktig del av kven eg er, forteljerstilen min og ikkje minst stemma mi, så det personlege vil eg uansett behalde. Men eg har likevel lyst å utvikle meg og stemma mi endå litt til, og rope endå litt høgare.

  1. Jeg leste for en stund siden at om man ikke har minst en skikkelig uenig leser er det ikke en bra blogg, hehe! Det hjalp meg til ikke å være så redd lenger. Du er klar når du er klar!

  2. Jeg er sikker på at meningene og ytringene dine kommer til å være solide, gjennomtenkte og ikke minst gode. For du er rett og slett et klokt menneske, det kan alle vi som leser bloggen din lett forstå. Og du? Jeg gleder meg til å treffe politiker-Villkatta også;)

  3. HM.. Huker fast i denne viljen som du viser og har vist i lang tid. For det må vilje til, i det aller meste. Vilje til å lære, tenke,samle inntrykk evaluere og danne seg en mening. OG til å yte den. I et lite forum eller stort, på personlig plan eller mer generelt. For vi handler og danner oss meninger etter hva vi erfarer og der har du et stort repertoar.
    Du har vel starte allerede, om du ser på egen blogg, med holdninger og meninger vedrørende Moder Jord og hennes skapninger.
    Gleder meg til mer :-)

  4. Så langt og så kort. Den søylen du er, er du. Det hersker ingen tvil om at stemmen din høres Villkatta. Jeg lytter. Jeg får med meg din varme i det du brenner for. Jeg har litt vanskelighet med ordene som står skrevet fordi øynene mine ikke er rett navla, og hjernen oversetter feil. Adhdhoder er noe dritt. Men essensen av deg kommer jeg ikke forbi. Det er godt å lese deg i alle sammenhenger.
    Stå på og bruk stemmen din. Vi trenger den.
    Klemmer deg en god uke. :)

    • Klemmer til deg også Mira :) Eg får med meg din eigen varme og, i din blogg. I dine bilete og dine ord. Takk for at du skriv, og takk for at du kommenterer hjå meg.

  5. Du kommer når du er klar, tenker jeg. Det jeg opplever utfordrende med debatt og ytringer, og som også er eksemplifisert gjennom noen av kommentarene etter Frøken Makeløs’ innlegg, er retorikken og debattens karakter. Selv er jeg så “yrkesskadd” i coach tankegangen min at jeg får vondt i magen av debatter som utvikler seg i retning av å beskrive hverandre og fortelle hverandre hva den andre mener og står for, det som på mitt fagspråk heter “manglende jeg/du sortering”. Jeg kunne rett og slett aldri blitt politiker. Men noen ganger er behovet for å ytre seg så sterkt at jeg tar sjansen likevel, slik jeg gjør i innlegget “hun ble jo med han på rommet”.

    Lykke til med ytringene dine, Villkatta, jeg er helt sikker på at du har mye spennende å komme med!

  6. Det virker på meg som om mange har en forestilling om hva som er riktig måte å være på, men ved å tenke slik går en glipp av sin unike måte å være på. Du har din stemme og formidlingsevnen din er stor – du fascinerte meg da jeg så deg på tv-en. Kan hende er det den siden av deg som blir videreutviklet. Det er kanskje ikke deg å sette ting opp mot hverandre og kjøre en konfronterende stil?

    Jeg tror vi må finne oss selv og den stilen som passer oss best, og så vil det kanskje skifte etterhvert som vi utvikler oss. Det er lett å gå seg vill på leting etter oss selv, og så mye enklere å finne andre og tro at det er oss selv.

    Du gjør mye ved å være slik du er!

  7. Debatter og meninger som ytres politisk.. jeg krummer ryggen og setter meg i en mørk krok.
    Jeg gjemmer meg bort, vil ikke bli hørt. Mener ikke, tenker ikke. Vil ikke føle.
    Og dette er en av sidene ved alven. Vi har alle flere sider.
    Likevel, selv om jeg gjemmer meg bort – mennesker ser ordene jeg skriver.
    Jeg har en blogg der jeg ytrer følelser gjennom diktene mine. Og noen ganger treffer dem andre. Ikke politisk, men som regel på et personlig plan. Politikk har jeg ikke peiling på, kanskje derfor jeg styrer unna slike debatter.

    Jeg har fulgt deg en stund nå, og må si jeg beundrer deg.
    Du er ei sterk jente. Du har vilje, du har kraft. Og jeg er glad for at nettopp du er deg!
    Og vi er mange som støtter deg i fremtiden også. Uansett hvilke meninger du ytrer.
    Tøffe Villkatta vår! :-)

    *alveklem*

    • Så god du er, Alven :-) Takk for støtta og oppmuntring. Det er mykje som kan ytres, og det er ikkkje naudsynt at det er politisk. Du treff mange – i alle høve meg – med dikta og kjenslene dine. Du har stor formidlingsemne på akkurat ditt vis, med akkurat din stemme.
      God klem <3

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 143 andre følgere

%d bloggers like this: