I går morgon kunne dykk sjå eit sjeldan syn i heimen til Villkatta; eg hoppa nemleg rundt som eit illsint ilder, med ein sutrande gut på hofta, med ein tissetrengd, desperat hund som har urinveisinfeksjon ved føterne, medan eg gaula på Alf Prøysen. Me fekk ein litt røff start på dagen, kan trygt du seie.
Småen held på å få tenn, og alt vert ein kamp. Alt. Til og med det som han tykkjer er morosamt, må han kjempe mot. Eg flyr rundt og ber om å få meir tolmod, helst med ein gong. Det går stort sett greitt, men i går vart eg så frustrert at eg måtte kjempe mot tårar og sinne. Så då gjorde eg det einaste eg kom på; (sidan eg ikkje fekk tolmod no, med ein gong!) eg hoppa opp og ned og sang hompetitten.
Så stod me no der då; småen vert stadig meir sint, fordi han ville absolutt ikkje inn i noko bæresele, og hunden meir desperat fordi ho måtte jo tisse, det var jo gått fem minuttar sidan sist, måtte eg skjønne! Sjølv stirra eg fortvila på klokka og telde minuttane som me stadig vart for sein til 15 mnd. kontrollen på helsestasjonen.
Eg trur ikkje Alf Prøysen heilt hadde dette i tankane når han skreiv songen, og det hjalp ikkje heller. Men det fekk meg i alle høve til å le. Litt lettare til sinns, stappa eg mai taien i hylla, poden under armen og hunden virra omkring og berre gjekk. Då gjekk det bra; utandørs tørkar dei fleste tårar her i heimen. Og eg overlevde mitt eige stressnivå. Ikkje verst prestasjon frå ein bornesong.
Syns du gir sangen for mye ære og deg selv for lite. ;-)
He he, godt mogeleg det ;)
Åh, som jeg kjenner meg igjen. Har egentlig hatt noen veldig fine og harmoniske uker hele familien nå, men i dag tidlig brakte det løs.
Lillemann var ikke i barnehagen før etter 11. Så kan du jo tenke på hva vi styret med på morgentimene i dag.
Syns du taklet det fint, jeg. Skal prøve Alf neste gang jeg og :-)
Godt å lese at me er fleire! Las det innlegget om morgonen din, eg sukka litt av lettelse at eg ikkje var aleine om slikt kaos og masse kjensler!
Vonar dagane dine er fine!
Jeg synes du er flink! :-)
Ikke vet jeg hvordan det er med små barn og trass.
Til dags dato har jeg bare levert tilbake barna til foreldrene når de begynner å skrike.
Som regel tar det ikke lange tiden. :-P
Håper kontrollen gikk fint.. og at kvelden og morgendagen blir god!
*alveklem*
He he det som er gøy ved å vere tante. Ikkje minst fordi ein får lov til å vere litt den kule, som ikkje treng stå i situasjonar som skapar slik voldsom sinne i ein liten tass ;)
Eg vonar veka vert fin for deg!
God klem!