Forfatterarkiv:
Hormoner meg her, hormoner meg der
Knust glas og spredte ord
Drønnet kveiler seg i øyra mine medan glaset sklir utor henda mine og går i tusen knasande bitar over bordet. Eg kvepper til, stirrar, røska vekk frå tankane og hovudet mitt når eg stirrar på dei skarpe bitane, som om eg ikkje heilt kan tru det.
Glasskåra tvinger meg utor tankane mine, tankane mine som vert i mitt eige hovud og ikkje kjem seg på papir. Eg tenker på å skrive. Eg tenker på kva det er eg meiner. Eg tenker på korleis eg vil ha sagt det eg meiner. Og i det siste, har det berre vore det; tankar om spredte ord som aldri når papiret.
Eg har lese om kvinner som ikkje deltar i offentleg debatt, blant anna hjå Vampus og Lammelåret. Eller kan hende debatten er korleis dei uttalar seg? Sidan eg byrja å jobba med kommunikasjon for ein miljøvernsorganisasjon, har bloggen vore nedprioritert i store perioder. Mykje fordi eg skriv på jobb, og då vert terskelen høgare for å skrive når eg kjem meg heim til poden. Men eg skapar, og deltek, i debatt, både via Facebook og ved å skrive artiklar i jobben sitt namn.
Nettopp det – jobben sitt namn, men ikkje mitt eige. Eg har tankar, ord og meiningar eg ofte tenker på å skrive om her på bloggen, eg tenker på å skrive som leserinnlegg i lokalavisa, og eg tenker på å skrive ein kronikk om. Tankar om spredte ord som aldri når papiret.
Glasskåra glinsar mot meg, dei skarpe kantane riv meg attende til nuet. Eg forlet tankane og dei spredte orda og sit meg ned og skriv. Eg skriv desse orda her, før eg ristar på meg, og gjer meg klar til å rydde vekk det knuste glaset. Feie det vekk, og ned i bosset.
Så får me sjå kva som skjer.
Redebygging
Så kom den att, den der kjensla av å måtte rekke alt mogeleg før fødselen. Mor bygger rede, og det er alltid eit sjokk, for eg er ikkje heilt vane med slike huslege syssler. For å seie det slik, her fekk gubben innrede og fritt spelerom når me flytta inn i ny leilighet, han stod for alle val av møblar, val av fargar, og liknande. Eg var berre glad for at eg slapp.
Eg ser i TV-program og i kronikkar at det er visst mor som veit kvar skapet skal stå når det gjelder hus og heim, men her er det omvendt. Det er som med innredning i heimen som med val av klede: eg grip det som er nærmast og virkar mest komfortabelt, noko som får min meir stilbevisste mann til å grøsse. Så det er eit sjokk for oss begge to når denne trongen til å styre og ordne med møblar og rydding tek overhand når ein fødsel nærmar seg. Og er ikkje gubben rask nok til å hjelpe, gneg denne trongen til å få skapet flytta frå stove til bod overhand, og eg berre må gjere det sjølv.
Likevel, samanlikna med sist gong, er utslaget mykje mildare denne gongen. Antageleg sidan me flytta inn i heilt nybygd leilighet for berre nokre månadar sidan – det er begrensa for kva som skal fiksast og vaskast då. Og når det gjelder innkjøp… Eg kjende meg litt lurt etter handlerunden til førstemann. Så mykje ting og tang som vert anbefala til baby, så mykje som nybakte foreldre “liksom” må ha… og så mykje som ikkje vert brukt.
Denne gongen har eg berre skaffa ei lita seng som skal stå attmed min (utan grind) slik at eg og babyen kan rulle fram og attende til kvarandre ved nattmating. Eg har kosta på meg eit nytt (nytt brukt) bæresjal. Ellers har me fint klart oss utan stellebord, barnevogn, ordentleg barneseng, eigne handklede, barnestol, og gudane veit kva anna som me kjøpte inn utan å bruke sist gong.
Så sjølv om det er fire veker att til termin, så er eg klar. Det er berre å kome!
Felleskap og om å høyre til
Då var 17. mai vel over for i år. Inntrykka har landa, isen spist for lenge sidan, og finkleda er vaska og heng på ny i skapet på vent… Nei, no lyg eg. Kleda ligg framleis i ein bag i bilen, men isen er i alle høve spist for lenge sidan. Og inntrykka og tankane… Dei kom dryppande sakte men sikkert.
Først no har eg likt meg på 17. mai. Først i seinare år har eg hatt ei kjensle av felleskap og om å høyre til, og det har mykje med familien og gutane mine som eg feira saman med. Åra med mobbing, og åra med flaska, har gjort at eg har stått aleine på denne dagen.
Våga eg meg ut, stod eg med verkande hjarta og såg på felleskapet og gleda dei andre delte, men ikkje eg. Seinare satt eg bak rullegardina etter å ha levd for festen kvelden førre, utan å våge meg ut i det heile tatt. Sjølv når eg byrja på den lange vegen heim att til meg sjølv, og livet byrja å falle på plass, var høgtider/festdagar som 17. mai vanskeleg ei god stund.
Eg kunne rett og slett ikkje feire på heimstaden min, for det var som ei vond påminning om at eg ikkje passa inn der, at det felleskapet resten av bygda delte, fekk ikkje eg ta del i. Det var vondt fordi eg hadde jo så lyst å ta del i det. Eg ville vere ein del av felleskapet, ein del av det samfunnet.
No er eg ein del av samfunnet der eg bur, eg har eit felleskap, og eg høyrer til. Eg har ein familie og ein ivrig gut som vil ete mest mogeleg is. No er eg ei av dei mødrene som finn fram bunad og finklede, og som ivrig og småstressa drar gutane mine ut for å sjå på toget. Eg trippar ivrigast når me skal kjøpe ballonger, og koser meg kvart einaste minutt.
Men vegen heim att er lang, og kjensla av felleskap og meistring av høgtider er ein kunst som kom sakte, men sikkert, dryppande inn i hjarta mitt. Eg vil ha auga med meg, og hjarta ope, for mest sannsynleg vil eg møte på andre som meg, som treng ein utstrakt hand på dagar som dette. Det er eg viljug til å gi.
Spretten mage
Noko av det gøyaste ved å vere gravid er merksemda eg får på treningsstudio og på spinningtimane mine. Kommentarar som ”så sprek du er” og “så bra jobba” haglar omkring meg, berre eg møtar opp med magen godt synleg. Eg syg orda til meg som ein uttørka svamp, for tru meg, slik får eg ellers aldri høyre.
På trening så vert eg irriterande mykje sjølvbevisst, sjølv om eg prøver å gi litt blaffen. Vanlegvis (altså ikkje-gravid) følar eg med som ein sveitt, raudmussa kval som klossete heng etter dei andre. Eg minnar meg sjølv strengt på at eg trener for min eigen del, og ikkje fordi andre skal tykkje at eg ser bra ut. Men når eg sprellar fortvila på golvet etter å ha tatt planken, attmed ei elegant sylfide, er dei tankane fjernt frå meg.
Grunnen til at eg trener er fordi det hjelper meg med å leve med det særs lite glamorøse problemet irritert tarm syndrom (trening lettar plagane), og fordi det hjelper meg å meistre kvardagen. Som mange andre, har eg ein tendens til å bekymre meg for mykje og stresse for mykje. Trening lettar dei plagane òg, samt gir meg overskot og energi.
Dimed kjem utsjånad lengre ned på lista mi over grunner til å trene, bortsett frå når eg faktisk trener. Difor får egoet mitt seg eit enormt boost når eg vaggar meg ned på trening. Men eg veit at løysinga er kortsiktig, og det eg eigentleg skal ha fokus på er å rett og slett gi blaffen.
Men i dei siste sju vekene som det er att til termin,skal eg nyte kjensla av å vere sprek!
Kjære bibliotek
Kjære bibliotek,
Eg elskar deg, men du er farleg for meg. Det er utruleg kor mange timar eg kan miste når eg vandrar rundt i deg, langs hyllene, og let henda gli over bøkene. Sjølv når eg berre stikk ein kjapp tur innom for å levere ei bok, klarar du å forføre meg slik at gløymer både tid og sted.
Eg undrast kva skattar kvar av bøkene skjular, og kven som skal få vere med meg heim att. Det er som orda kviskrar til meg; les meg, fortap deg i mi verd, la deg smelte inn i eit anna univers. Eg let meg så viljug dra avgårde, eg let meg så viljug gløyme.
Eg klarar aldri å velje, og balanserer ut døra med ein solid stabel, gong på gong. Eg har aldri planar om å fråtse slik som eg gjer, så eg har aldri med meg mange nok bærenett eller stor nok veske. Men eit grådig sinn som tørstar etter kreativitet styrar over mine eigne tankar, så då vaklar eg heim, med altfor mange bøker under kvar arm.
Eg sit i sofaen min og stirrar på bøkene og eg fanga med meg denne helga. På laurdag fekk Neil Gaiman vere med meg, og skal saman med Eragon-serien bringe meg til ein annan verd. Når det er småen som skal lesast for, skal me lese Uno, ei lita bok om ein baby som bur i mammas mage (sidan han snart vert storebror). Eg kan jo ikkje gløyme hunden heller, så eit par bøker om trikstrening og klikkertrening fant eg på vegen, òg.
Det kriblar i meg av glede og forventning, heilt til det slår meg; når skal eg få tid til å lese?! Når eg ikkje er med småen, eller på jobb, er eg så gravid no at eg ligg og søv. Jaja. Det er godt det snart er permisjon, og eg er takksam for at eg skal gå ut tre veker før termin. Eg vonar at babyen ikkje kjem før tida, slik at eg kan få tid til å lese desse skattane mine.
Og let babyen vente litt på seg, kjære bibliotek, så kjem eg nok snart attende for å vitje deg!
Med baby på jobb
- Skal du verkeleg jobbe i permisjonen? Det spørsmålet har eg fått høyre eindel i det siste, når folk spørr om eg gledar meg til permisjonen. Men jo, eg skal verkeleg jobbe i permisjonen, både heimifra og med babyen med på kontoret, og takkar samstundes NAV for at dei har fleksible løysningar. Eg hadde ein gong ein draum om å vere heime på fult til førstemann var to år. Eg har alltid vore bevisst på utdanning og karriere, men følte at eg trygt kunne ta ein liten pause for å dyrke småbornslivet ei lita stund. Eg har sett for meg sjølv barbeint og gravid på kjøkenet med ein småtass hengande om beinet, fram til dei vart ca. 2 år gamal. Det vart ikkje slik. Ikkje berre har me klart og tydeleg ikkje økonomi til noko slikt, sjølv ikkje etter å ha kutta ned på det som kan kuttast ned på. Men eg er ikkje skapt til å gå heime for fult.
Når eg gjekk heime i permisjonen med førstemann vart eg nærmast deprimert. Det er eit sterkt ord så eg vil ikkje bruke det, men eg kjende meg isolert, til tidar frustrert, og nedstemd. Det gjorde vondt, veldig vondt, for eg ville jo gjerne nyte det å vere heime med småen. Men ei god stund før permisjonen var ferdig, kjende eg meg ganske einsam, avskåra frå verda og trøytt. Spørsmålet hald fram med å kverne i hovudet mitt: var eg ei dårleg mor? Uansett; når permisjonen min var ferdig og pappakvoten tok til, forlot eg draumen om utvida perm og kom meg i arbeid.
Etter mykje om og men, fekk eg draumejobben; nemleg jobbe som miljøvernar i friviljug organisasjon og få betalt for det. Arbeidstida var både deltid og med heimekontor, slik at eg var meir heime enn på jobb, men nok på jobb at eg trivdast best med å vere heime. Det gav ei god kjensle å kunne kysse poden hadet og seie: “no skal mamma på jobb for å redde verda”, trygg på at far og sønn kosa seg heime dei timane eg var vekke. Når me seinare flytta til meir sentrale strøk og eg byrja å gå i open barnehage med småen, dei dagane eg var heime, løsna det for alvor, og eg kunne verkeleg nyte det å vere heime.
Men om eg jobbar “for mykje” i periodar kunne eg få dårleg samvit og skamkjensle fordi eg ikkje var meir heime, så balanse er nøkkelordet for meg. Av og til kjendes det ut som “delttidsarbeid” har vorte eit skjellsord, men for meg og mine er det det einaste som funkar. Og for at ikkje far skal svi for at mor tjener mindre, kuttar me kostnadar ved levemåtar og forbruk. Mindre forbruk = mindre jobb = meir fritid. Ikkje minst er dettte meir miljøvenleg for ein planet som allereie er overbelasta av alt forbruket vår og som strengt tatt ikkje tålar det stadige presset etter økt økonomisk vekst. Men denne filosofien fortjener fleire ord enn dette, så det for kome seinare i eit eige blogginnlegg.
Det gjer vondt når eg ikkje klarar å leve opp til dei forventningane eg har til meg sjølv, særs dei krava eg har til meg sjølv som mor. Nokre gongar må eg innsjå at krava ikkje er mine, men påvirkningar utanfrå, og eg må heller finne min eigen veg som mor. Eg må lære meg at eg er god nok når eg gjer mitt beste. Dette med å vere heime mot å vere i arbeid, var spesielt sårt, fordi eg kjende meg omringa av sterke meiningar. Kva er rett og galt? Ingen av delane, kom eg fram til, og bestemde meg for å blåse i kva alle andre tenkte. Har ikkje eg det bra med meg sjølv, så går det ut over morsrolla mi. Det hjelper ikkje poden å ha ei mor som tassar rundt med dårleg samvit eller kjenner seg einsam.
Eg fekk høyre at det kunne vere like skadeleg for dei små å ha ei mor heime som eigentleg lengta ut, som å ha ei mor som var på jobb, og kvar samspelet vart prega av mor sin dårlege samvit fordi ho ikkje var meir heime. Med andre ord; prøv å finn din eigen veg så framt det er mogeleg. Likevel kan det stikke sårt i meg når eg les/høyrer om lukkelege mødre som er heime dei første åra. Eg skulle gjerne ha vore ein av dei, men fekk det ikkje til, både fordi eg vart nedstemd og me ikkje hadde råd. Då lyt eg minne meg på at eg må slutte å sutre, for livet er faktisk ganske fantastisk som det er. Det at eg vart nedstemd når eg gjekk heime for fult, bør eg ta som eit teikn at den draumen der, var om eit liv som ikkje var mitt, som eg ikkje passa til, og heller vere takksam for at eg kan skape eit liv med val eg kan stå for, eit liv som er meg.
Så dimed skal eg ha gradert permisjon, og er takksam for at det er mogeleg. Eg skal ta med meg babyen på kontoret ein dag i veka, og ellers jobbe heime. At timane på kontoret ikkje er så effektive som vanleg, har sjefen forståelse for, for han vil helst at eg skal halde kontakten med arbeidsmiljøet og ikkje “skli ut”. Noko som høyrest lurt ut. Så eg står kan hende ikkje barbeint og gravid på kjøkenet, men det er slett ikkje så verst å sitje gravid og med høge hælar på kontoret, heller.
Heime aleine – oi oi!
Då kom dagen eg har både grua og gleda meg til i nokre veker no. Far og sønn har dratt vekk ein heil helg for å vere med besteforeldre, og høggravide meg vel å vere aleine heime og pleie magen. Det er min første helg her aleine på to år, og antageleg vert det nok to år til neste gong år òg. Hjelp! Kva skal eg gjere med så mykje fritid?!
Eg har som sagt både gleda og grua meg. Grua meg fordi eg har eit lite mamma-ego som er livredd noko skal skje berre fordi eg ikkje er der for å passe på gutane (tull og tøys, eg veit det, men frykten snik seg innpå likevel). Kva om dei krasjer bilen? Kva om flyet styrtar? Herregud, kva om flyet styrtar?! Då burde eg vere der og styrte ned med dei!

Etter eg har dytta vekk desse upassande tankane, byrjar eg å tenke; jøss, kva skal eg
gjere? Dette er ein luksus som eg skal nyte, men eg er nærmast så overvelda at eg ikkje veit kvar eg skal byrje. Ein ting er sikkert: eg skal nerde meg med å sjå gamle episodar av både True Blood og Game of Thrones. Eg skal strikke og drikke te. Eg skal sove når eg vil og så lenge eg vil. Eg kan stikke ut akkurat når det passar meg. Oi oi! Her kjem ideane på rekke og rad.
Og så maten. Eg skal kose meg, og det første eg gjorde etter dei var kome seg på flyplassen, var å byrje med maten. Blåbær is og sjokolade jordbær – mmmm. Eg har stappa blåbær på grillspyd, som eg smurde inn med yugort og heiv i frysen. Har endå ikkje smakt oppfinnelsen, men gleder meg stort til dei har frose nok. Så var det jordbæra sin tur. Eg smelta mørk sjokolade i vannbad, rørde inn vaniljesukker, dyppa opp i jordbær – vips! Jordbær sjokolade. Til middag vert det heimalaga hamburgere med glass-cola attåt.
Eg trur kan hende helga vert bra likevel!
Dust if you must – eller ikkje!
Eg snubla over dette diktet i dag, og hadde lyst å dele det med dykk. Det summerer vel opp sånn ca. det eg tenker om for mykje husarbeid, ja!
Dust if you must.
But wouldn’t it be better,
To paint a picture, or write a letter,
Bake a cake, or plant a seed?
Ponder the difference between want and need.
Dust if you must.
But there is not much time
With rivers to swim and mountains to climb!
Music to hear, and books to read,
Friends to cherish and life to lead.
Dust if you must.
But the world’s out there
With the sun in your eyes,
the wind in your hair,
A flutter of snow, a shower of rain.
This day will not come round again.
Dust if you must.
But bear in mind,
Old age will come and it’s not kind.
And when you go, and go you must,
You, yourself, will make more dust.
- Mrs. Rose Milligan



