Drøymer draumar

Tankane stansar, bråstopp, og eksloderar innover meg sjølv medan eg treff veggen.

Vent, vil eg kviskre, utan at eg får ut ein lyd.

Sakte svøper eg meg inn i vinteren, hutrande,

medan eg venter på at ljoset skal smelte fengselet

og slippe meg fri atter ein gong.

*

Eg vaktar tida varsamt medan eg venter på at kraften skal vende attende.

Eg puslar saman brikkene mine ein etter ein

medan eg drøymer draumer vakrare enn dagen.

Eg spinn tankar og lengsler i det vakraste vevet,

let det skine i den gneistrande, kvite kulda omkring meg

og varmar meg i ljoset atter ein gong.

Å brenne bruer

Come sail your ships around me
And burn your bridges down.
We make a little history baby
Every time you come around.

Musikken speler på kjenslene, svøper meg inn i vakker vemod som ikkje er av det vonde. Tonene breier seg om meg lik ei dyne og eg ynskjer å kvile hovudet mitt, kvile sjela mi, setje verda på pause til eg får puste. Eg gispar, opnar auga og alt som er, alt som har vore, spinn omkring meg og riv meg vidare.

Eg brenner bruer, eg brenn bruene som står mellom den eg var og den eg ynskjer å vere, den eg eigentleg er. Eg riv murar og sit at medan verda fell omkring. Eg kjenner meg nyfødd, eg kjenner at eg er rivd ut av ei mørke og lengtar etter varm hud og ei mjuk stemme som ynskjer meg velkomen.

Voksesmerter kjem óg av det gode. Eg gjekk meg vill på søken etter meg sjølv, og eg fann, eg fann, men eg må finne vegen heim att. Eg skapar historie i mitt eige liv, eg legg armane mine omkring meg og kviskrar velkomen.

Det er no det byrjer, og klokka tikker.

Gjesteblogg: Veven

Eg har lyst å dele nokre vakre ord med dykk frå Karen, betre kjend i bloggverda som ForfatterFruen, som takka ja til å skrive eit gjesteinnlegg her. Eg har berre lest bloggen hennar ei kort stund, men eg var fort glad i å lese tekstane hennar. Ho skildrar tekstane sine som augeblink og stemningar frå borndommen, men ho skriv òg samfunnsengasjert og inspirerande. Takk Karen!

Eg har visst gløymd korleis lyden av veven høyrast ut.

Den tunge trebommen som small i kanten må ha gjeve frå seg ganske kraftige dunk. Besta sat der oppe mest kvar dag. På dette vesle, rå rommet med vindauge ut mot fjøsen og gardsplassen oppe på mørkloftet, den gongen det verkeleg var eit mørkt loft. Foreldra mine pussa det opp ein gong på nittitalet. Det er trekvit paneling overalt no. Før var det ikkje eingong golvplankar der oppe, og eg og bror min brukte å hoppe frå fjøl til fjøl, om å gjere å ikkje dette ned på spikrane som sto opp frå taket under. Vi klarte det som regel. Det stakk skikkeleg under føtene hvis ikkje. Vi leita etter skattar mellom alt rotet der oppe, og stal druesukkertablettar og tørre kjeks frå heimevernsprovianten til far min.

Det var berre vevarloftet som var satt i stand den gongen. Og der satt ho og vevde. Bestemor mi. Ho som mista mannen og sonen sin.

Vakre åkle, enkle golvmatter. Veven var et verkty ho handterte like lett som hårrullane ho brukte å krulle håret med. Det låg i fingrane – alt. Men eg klarar ikkje minns smella frå bommen. Han er slitt og heilt glatt etter alle timane i besta sine hender. Ho hadde dei mjukaste hendene eg visste om. Mamma sine var alltid harde og ru etter gardsarbeidet. Men uansett kor mykje besta også brukte hendene sine, var dei støtt glatte og gode. Eg brukte å stryke tomlane hennar mot mine eigne då eg sat på fanget hennar. Bror min strauk dei mot den vesle truten sin. Vi sovna begge i den breie, kjolekledte favna hennar framfor vedovnen på kåret mest kvar kveld. Så kom far min og bar oss i seng. Han brukte å stryke meg varsamt over håret medan han sang soa-roa, med ei stemme som aldri heilt traff tonane. Men stemma var aldri så mild som då.

Han grein på veg ned trappa til fjøsstellet den morgonen dei ringde og fortalde at besta var død.

Sløret

Det er som eit slør ligg over tankane,

over hovudet.

Lik regnet som legg eit slør over bakkane,

over sommarskrudet.

.

Det minnar om ei ny tid i emning,

eit nytt liv.

Det kolde dråget set ei steming,

eit nytt giv.

.

Eg trekkjer inn den duse sommaren i pusten,

og slepp den fri.

Eg let regnet sildre inn den klare hausten,

med alt den har å gi.

 

Kreativt tørke

Eg er i eit kreativt tørke for tida. Eg har prøvd å sparke meg i gong med ei fotoutfordring, som vart drukna i kvardagslivet, og ved å planleggje fleire innlegg her, men som aldri vart skrive. Eg veit ved meg sjølv at den einaste måten eg kjem i gong att, er ved å skrive. Enkelt og greitt, men likevel så vanskeleg.

Trikset for meg, veit eg, er å ha ei notatblokk med meg. Når eg får ein idé, eller ein fin setning set seg fast, skriblar eg det ned til seinare. Det held tankegongen ved like, og eg kjem attende i modus. Frå og med i dag er dimed skriveboka mi med meg, for denne tørka vil eg utor, helst no, med ein gong.

Kva gjer dykk når skrivinga stoppar opp? Eller kva gjer dykk for å halde kreativiteten ved like? No tenkjer eg ikkje berre på blogging, men generelt.

Opn auga. No.

Flimrande bilete frå nyhenda tvingar auga attende, men eg tenkjer, nei. Opn auga. No. Eg ynskjer å snu blikket vekk, eg ynskjer å lukka auga og gløyme det eg ser. Tenk å kjæle for seg sjølv i den grad det vert ein eigen kunst. Men eg kan ikkje, og eg vil ikkje, gløyme, og eg kan ikkje, eg vil ikkje, lukka auga. Eg har denne stemma i hovudet mitt, som kviskrar brølande;

Opn auga. No.

Eg opnar auga og eg ser, eg kjenner sorga, avmakt, maktesløyse, eg ser, eg vert sint, eg vert redd, eg vert alt i eit spekter fra A til Å, men eg ser. Eg ser to-åringar som søv med ein skitten bamse på gata fordi foreldra har vorte drepen i krig. Eg ser dei drukna kattungane ingen ville ha. Eg ser dei livredde menneska som spring i gata; men kven kan springe i frå ei kule? Eg ser jord som gret medan asfalten grev grava endå djupare, ein kveldande røyk som drep liv i luft, og svart daud som ligg seigt over det som ein gong var eit blått hav.

Opn auga. No.

Eg ser, eg knytar nevene, eg har lyst å gråte, eg har lyst å brøle. Eg kjenner meg så liten og makteslaus, men i det minste, eg ser. Eg ser, og eg gjer det eg kan, det einaste eg veit at eg kan heilt sikkert; eg skriv. Forteljingane er der ute, ventar på å verte skrive. Eg ser, og eg skriv, og eg opnar auga, sjølv om eg verker etter å lukke dei attende.

Desse dagar er det noko som vaknar inne i meg. Eg veit ikkje kvar dette vil ende, kva det vil lede til, men eg skriv, eg ser, og eg vonar at eg finn vegen snart.

Sommarfuglar og kjærleik

Det er mange tankar som raste i hovudet mitt medan eg stod på soverommet, pynta og klar til å verte gift. Eg tvihaldt på blomane som ei livbøye, det var like før sommarfuglane i magen velta meg overende. Tårane presser på når eg såg på mine to vennner som hjalp meg, forlovarane mine. Ut vindauge kunne eg sjå ned til fjorden, kvar alle våre nære og kjære venta på oss. Venta på at eg, Steffen og Viljar skulle kome gåande ned, medan forlovaren min sang “Den finaste eg veit“.

Eg var nervøs, klart eg var nervøs, men det gjekk bra. Alt gjekk bra. Fleire av gjestane gret medan me sa dei fine kjærleiksorda til kvarandre, sola skein, men hemmelege songaren som eg hadde fått tak i, klarte å snike seg ned. Når vigselen var over, trådde han fram og song favorittsongen til mannen min, You´ll never walk alone, og augeblinket kvar mannen min vart rørt og overaska vart like fin som eg vona den ville vere.

Alt dette gjekk bra, men det visste eg jo ikkje endå, der eg stod den flagrande kjolen min og kjempa mot å la sommarfuglane velta meg overende. Eg bestemde meg for å la tankane vere takksame. Eg lot dei overveldande kjenslene lene seg mot tankar om alt eg hadde å takka for, alt eg hadde å glede meg over, all den kjærleika eg har fått i livet mitt. Det seiast at livet går i sakte film før ein døyr, eller i alle høve trur du skal døy; kven veit, men kjærleikslivet mitt gjekk i alle høve i sakte film i hovudet mitt dei nervepirrande minuttane.

Verda spant, spant omkring meg, og eg landa ikkje før mannen og sonen min stod i døyra; no kan me gå. Alle var på plass, no kunne me gå ned forann alle, me tre, saman gjekk me inn i ekteskapet som ein familie, saman gjekk me ned til fjorden til alle dei me er glade i. Songen til venninna mi kjælte i lufta rundt meg; ja, det er jaggu meg rart korleis det kan gå til, ja. Kven hadde trudd. I dei mørke timane eg ba om å få døy, i dei lange dagane eg trudde livet aldri ville kome, at eg aldri ville overleve. Men eg gjorde det, og eg gjorde meir ein å berre overleve. Tenk at dykk går i lag med meg.

Seremonien vart alt eg vona den skulle vere, og aldri før har eg sagt eit ja som har vore meir viktig ein den dagen. Me hadde bestemd oss for å utvide seremonien med å seie nokre ord til kvarandre. Det var heilt ubeskriveleg å høyre mannen erklære; eg er din, på den måten. Men det beste var å erlære at eg, og er din. Eg skal ikkje dele den talen vidare, men eg har lyst å dele diktet eg skreiv for anledninga. For det hadde ikkje heilt vore likt Villkatta å ikkje framseie eit eige dikt:


Eg kan aldri seie med ord

det som bur i hjarta,

som på sommardagen starta,

og gjennom livet vil gro.

.

Difor gir eg deg min hand,

med ring å bære.

Difor gir eg deg eit liv å lære,

min kjærleiks and.

.

Sjølv om det med ord kan aldri seiast,

Sjå, djupt i mine auge

Og finn alt du kan lenge etter og huge.

For kjærleiken kan aldri teiast.

Resten av dagen gjekk i eit for meg, men den vart som sagt alt eg hadde ynskja den skulle vere. Eg var utmatta, men nøgd, når me drog frå festen med trillekoffertane våre, klare for bryllaupsreisa til Krakow. Den skal dykk få høyre meir om i ein serie med reisebrev som kjem her i løpet av dei neste vekene. Sjølv om dagane der var få, har eg hausta med meg forteljingar og bilete som eg vil dele vidare med dykk. Når eg først er inne på bilete; nokre av bileta i akkurat dette innlegget er del av fotoutfordringa mi, og bileta frå fotoutfordringa frå dagane i Krakow kjem i reisebreva. Seinare bilete frå den siste veka kjem nok i løpet av helgen; eg har fått nokre fine blinkskudd som eg vonar dykk kjem til å like.

(Resten av bryllaupsbileta som eg vil dele med dykk er teken av dyktige Catrin Langeland; sjå fotobloggen hennar for fleire, fine bilete.)

Eventyr av André Bjerke

Ved tjernet, det sorte, forglemte,

bak skogenes siste myr,

der skjelver i måneskinnet

et eventyr.

.

Hun lever i sivenes skygge,

og månesølv er hennes klær,

og tro meg, hun elsker å være

der ingen er.

.

Hun dukker av sjøens mørke

hver høysommernatt klokken tolv.

Da vokter ved tjernets bredder

et nihodet troll.

.

Og hvo som våger å skue

den deilige svømme forbi,

blir ett av et skoguhyre

med munner ni!

Eg elskar dikta til André Bjerke, noko som “gamle” lesarar sikkert har fått med seg frå før av. Men nå er det veldig lenge sidan eg har posta noko om det, så eg kjende at det var på tide. Småen ligg og søv middag, og eg sat med ein kopp kaffi og diktsamlingane hans på fanget. Eg let meg rive med av orda, kjensla og draumene versa vekkjer i meg. Det er noko som appellerar til meg med det mystiske, med natur, om draumer og om livet, om eventyr og det sensuelle, alt kva han klarte å fange og skrive ned.

Det vekkjer ein kjensle i meg som eg ikkje veit korleis eg skal setje ord på. Den same kjensla som eg får ved å høyre eit vakkert stykke musikk, sjå eit fengslande bilete, eller når eg er ute og går i skog og fjell. Kan det kallasta andeleg? Det sanselege? Korleis kan ein skildra ein flygande, sildrande kjensle som byrjar i magen, flyt rundt hjarta, og legg seg rundt sjel og sinn som eit mjukt pledd? Som gjer at eg pustar, som gjer at eg får drivkraft til å halde fram her i livet?

Eg treng ikkje setje ord på det. Eg veit at det lever i meg og eg veit korleis eg kan hente det fram. Eg får lyst til å dele, men det er ikkje alltid lett. Eg kan sitje med tårar i auga om eg høyrer vellkomponerte pianostykker, eller eg kan gispe av frysningane eg får av måten fiolinstrengene speler med kjenslane mine. Eg kan ikkje sjå meg mett på fjella, eg ynskjer å stoppe tida. Det er dette som gjer at eg lever. Det er dette eg kan få av poesi.

Så ha ein fin dag, kjære lesarar, fylt med kva dykk måtte ynskje. Her er det dikt, kaffi og eit lite pusterom før den finaste eg veit kjem til å kaste meg ut i ein dag fylt med leik, latter, trilletur , samt ein liten dose kvardagskaos som høyrer med. Men litt kaos trur eg berre er sunt, det óg!

Tidlaust venskap

Nokre venskap strekkjer seg i tid og rom

ventar, eit heilt liv for å sleppe til,

kjærleiken har lagra seg ein heil alderdom,

med ei ro som berre skumringa kan gi.

Nyfødde fingrar grip ei rynkete, varm hand.

Auge som møtast, smil som ljoser

fram og attende i over nitti år.

Eg kjenner eg er takksam, glad

for å vitne eit tidlaust venskap trå fram.

Morgonstorm

Torden rullar over den kveldande heite himmel,

dreg med seg den tunge pusten.

Dropar hamrar

mot ruta, over fjorden, over syn og over sinn.

Dei lange, brennande dagane med lite rom, lite pust,

vert sveipa vekk av stormen

harde slag

dreg med seg det vonde, alle kvala, all skam.

Sola rullar fram utor skyene på den gryande himlen,

og med varmen vaknar livet opp att, kjenslane er

skjøre, takksamme.

Eg helsar dagen velkomen etter ein etterlengta morgonstorm.

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 1 141 andre følgere