Grønlege tankar
Med denne tittelen tenkjer eg korkje på sjalusi eller kvalme som ofte kan koblast til grønt, men på miljøsparing. Frå eg var lita var eg engasjert i dyrevern, og etter småen kom til verda, har dette utvida seg til miljø. Eg måtte få born før eg byrja å tenkje seriøst på miljøet og kva framtid etterkommarane mine skal arva.
Før var eg den som nikka og var einig i at noko måtte gjerast, men kildesortera, det gjorde eg ikkje, og lot straumen flaume fritt (dyrt var det, óg). Eg treng ikkje melde meg inn i Green Peace for å gjere den store skilnaden, men små tiltak i kvardagen, er meir ein godt nok. Om stadig fleir hiv seg med på det, vil det gjere ein stor skilnad etterkvart. Etter å ha luska rundt på internettet, lest i brosjyrar og fundert litt på eigenhand har kome fram til nokre enkle tips som eg kan fylgje sjølv.
Fyrst nokre tips som gjeld baby:
1. For ammande mødre er vaskbare ammeinnlegg gode, istadenfor bruk-og-kast pakningane dei sel på butikken. Nå fikk eg ikkje amma, men om eg klarar det på nummer to, er det mange alternativ der ute. Alt frå desse praktiske innlegga til bambus ammeinnlegg som ser heilt nydelege ut.
2. Eg har kika litt på tøybleier, men skal ærleg innrømme at det har eg ikkje tatt i bruk endå. Sjølv om det er det mest miljøvenlege. Eg pleier å velgje Svanemerka eingongsbleier; noko som eg gjer med alle stelleprodukta. Svanen har høge og gode miljøvenlege krav (har eg høyrt).
3. Kjøpe brukt og gjenbruk; eg har kjøpt det aller meste brukt og har arva det meste anna av babyutstyr. Det same gjeld til meg sjølv og til huset; i dag er det så på mote med redesign, så kvifor ikkje prøve seg på denne miljøvenlege varianten av innredning.
Så nokre andre tips eg har funnet:
4. Bruk handlenett i stadenfor bæreposar. Det går ann i kjøpe ein fin Røde Kors nett som samstundes støttar foreningen, eller det går ann å sy ein sjølv.
5. Til kvinner går det ann å nytte menstruasjonskopp i standenfor bind og tampongar. Både økonomisk og miljøvenleg; til dømes denne i frå Alvekoppen.
6. Skru av ljoset i rom du ikkje er i, ikkje la kaffetraktaren stå på, bruke kokeplatar tilsvarande gryta du har på (ikkje ei lita gryte på ei stor plate) – kort og greitt spar på straumen.
7. Fylgj med på kva merke kosmetikk og hudpleie produkta dine har. Hjå Grønn Hverdag kan du sjå kva dei ymse merka betyr samt finne ei liste over kva produkt som ikkje er testa på dyr.
8. Sortere bosset; denne er desverre heilt ny for meg. Utav noko som ikkje kan kallast anna ein latskap, sorterte eg aldri før.
9. Fyll opp din eigen vatnflaske i stadenfor å kjøpe nye kvar gong. Eg var særs ille med dette. Dyrt vart det og.
10. Vaske klær på låg temperatur. Eg har hatt ein uvane med å vaske klærne mine i hel, altfor ofte og altfor høg temperatur ein kva som faktisk er naudsynt.
Har dykk nokre tips å dele med meg? Det vert eg særs takksam for. Eg er temmeleg fersk på dette her så fyr laus med det dykk har.
Lyst på eit smil?
Hysteriske mødre og smørblide babyar
Både eg og sambuaren lova oss sjølv på tru og ære at me ikkje skulle verte slike hysteriske foreldre som drog poden inn på legevakta kvar einaste kveld. Det har me jo klart å halde, men litt hysteri vert det til tider. Til dømes sit eg framleis og ser etter om han pustar medan han søv, og vert bekymra for lungebetennelse kvar gong han hostar. Me er trass alt fyrstegongsforeldre, litt må vere lov.
Eg er sjølvsagt lukkeleg kvar gong eg har vore til legen og det ikkje feiler Viljar anna ein mystiske magevondt og vanlege omgongssjukar som eg strengt tatt ikkje treng lege for. Dei gongane han har vore sjuk er det tålmod og kjærleik som er den rette medisinen. Men nokre gongar berre må eg få han sjekka. Eg klarar ikkje å la vere fordi det høyres så ille ut. Og dei gongane slår det om på slaget me kjem til. Eg trur faktisk han gjer det pur.
Til dykk andre der med babyer som ikkje er i form, så har eg funne ut korleis dei vert mirakuløst friske att: insister på telefonen at det er viktig at dykk må slippe til i dag; det faktisk noko gale denne gongen. Sit så i fleire timar og vent. Når du kjem inn til legen, forklar nøye kva som gjer poden misnøgd, kvifor han skrik og skrik, og kvifor det må vere noko gale. Presenter så poden, og ver heilt sikker, at no har du ein smørblid baby i armane som har vorte bra att i sekundet legehjelp er å få. Den typiske samtale plar vere:
- “Jammen, han må ha vondt, han skrik og skrik, og i forrige veke hadde han feber, og…” – stotrar eg.
- “Me får ta ei lita sjekk då, skal me sjå… hey babyen”, seier legen.
- “AAAAAIIIIIIII”, svarar Viljar, med eit digert glis.
- “Han er er jo i kjempeform”, seier legen.
- “Ja, men… Han var ikkje det i natt og i dag, berre heilt til no, altså dette har skjedd…”, sukkar eg, vane med at dette skjer.
- “No ser han no heilt fin ut!” Legen ser litt strengt på meg.
- “Øøøørrrrrøøø”, bekreftar Viljar.
-” Jaja. Eg skal ta ein sjekk så er me sikre”, trøystar legen meg.
For ei stund tilbake ville ikkje Viljar ete og var i dårleg form. Framleis anar eg ikkje kva det kan ha vore, men det er mange forklaringar: magevondt, vondt i halsen, mystisk skikeperiode som babyer kan få. Nokre dagar åt han ikkje i det heile og bleiene var tørre. Livredd dro eg på legevakta ut på kvelden. Og medan eg sat på venterommet, bortkomen og bekymra, så kvikna poden alltid til og ville ha mat. God og mett krevde han dimed underhaldning og beundring, noko som han alltid fekk av legane som smilte til den sjarmerande babyen. I motsetnad til meg som ikkje fekk noko smil, men vag risting på hovudet og mumling over hysteriske mødre som kom med slike kvikke babyar.
Neste dag kunne han nekte å ete att, verte slapp og tørr i bleia. Opprørd fòr eg avgårde att og det same hende; på venterommet krevde Viljar mat, og vart glad og nøgd. Ikkje misforstå. Eg er alltid like glad for at det ikkje er meir alvorleg ein typiske babyplager kombinert med ei lettare nevrotisk mor. Men eg har konkludert at når det er noko eg er bekymra for med småen, så det er berre til å reise på legevakta og vente nokre timar i køen der, så ordnar alt seg sjølv.
I går så var det avgårde til legevakta att. Når sant skal seiest så har eg ikkje vore der på tre månadar med småen, og tenkte at no måtte eg meistra denne kunsten. Med “denne kunsten” så meiner eg at eg les teikna godt nok til at eg berre drar om det verkeleg er noko. Samstundes må eg seie at hvis eg er i tvil, så må det vere betre å dra ein gong for mykje ein ikkje å dra i det heile tatt. For å få ein sjekk på han, berre for å vere sikker. Men alt med måte, har eg lova meg sjølv. Men denne gongen var det ikkje tvil; no var det noko som verkeleg plaga han.
I går var det nemleg hardt å vere baby. Han har nett kome seg etter feber og snue, og dreiv framleis å hosta. Plutseleg om morgonen i går, byrja han å skrike. Verkeleg å skrike, eg har aldri høyrd makan før. Han skreik og skreik i fleire timar til han kollapsa over meg, og vakna med fleire skrik til han att kollapsa. Inne mellom hosta han som om lungene skulle kome opp.
Sidan eg har høyrd så mykje om ei smittsam lungebetennelse som gjer seg husvarm i stovene omkring her, var det best å kome seg til legen. Kjapt. Eg ringte og tagg meg til å få kome inn (dei hadde det jo travelt, måtte eg forstå). Etter at eg hald telefonen attmed hovudet til Viljar slik at legesekretæren skulle høyre heile elenda, fekk eg kome til. Etter å ha venta nokre timar, svinsa eg ivrig inn til legen. Samtalen gjekk som følgjer:
- “Denne gongen er eg verkeleg bekymra. Han har det vondt, verkeleg, han…” byrjar eg.
- “AAAAIIIIII”, Viljar avbryt meg og gliser mot legen, strålande nøgd.
Ein velkjend eim stoggar samtalen. Viljar har jobba med eigne saker medan me venta. Glad og nøgd fekk han tømt utor seg kilda til smerta og skrikinga tidlegare på dagen. (Fyrste tann er på veg ut og då er ikkje dårleg mage noko uvanleg, fekk eg greie på seinare.) Legen seier ikkje noko, men ser litt smilande mot meg. Eg veit kva som vil skje no, for denne situasjonen har nemleg me tre vore i fleire gonger. Eg sukkar litt, og tek sats:
“Jaja. Sidan me fyrst er her, kan du ikkje sjekke han berre sånn for å vere sikker…?”
Brysamt bryllaup
Eg har funne den perferkte oppskrifta på stress; nemleg planleggje bryllaup. Me var bestemte på at dette bryllaupet vårt skulle me ha for vår eigen del, ikkje for å halde ein stor fest. Ikkje at eg har noko i mot store bryllaup, er fine dei og, men dei passar ikkje heilt for oss. Så kva i alle dagar var det som passa for oss?
Fyrste tanke for å få vigsel frå Human-Etisk forbund heime på gamle-garden, og invitere nærmaste familie. Det syntes at nærmaste familie var temmeleg svær, når me fekk talet på saman til sist. Det kunne ha gått fint, hadde me stolt på været. Om det vart regn om me lyt stå under eit partytelt og lure, ville “hagebryllaupet” eigentleg verte øydelagt.
Så sånn cirka no, eit halvt år før bryllaupet, planleggjer me heile greia på nytt. Me fekk tanken om å berre ta ein vigsel på Tinghuset og ut og ete etterpå med småen, forlovarar, foreldre, sysken og besteforeldre. Dette fant me ut var for upersonleg, og kan hende me kunne leige eit lokale nokre timar og stelle i stand der?
Då var me plutseleg tilbake til det type bryllaup me ikkje ville ha. Me leid lokale, stelle i stand mat og masse utgiftar. Begge to fekk ilt i hovudet berre med tanken på stor tilstelning; lite og intimt var planen. I helga fann me faktisk ut kva me skal gjere med dette. Me avlysar heile bryllaupet.
Neida, me skal framleis gifta oss. Men det vert vigsel i Tinghuset der alle som vil kan kome, men det vert ikkje noko etterpå. Då stikk eg og gubben ut og et på eige hand og leiger hotellrom for natta, med barnevakt for småen. Neste morgon hentar me småen, delar ei pølse på Narvesen og hiv oss på fyrste fly til Italia nokre dagar. Så enkelt vert det.
Fri som snøen
Snøflaka fall slik gleda byrja å boble i bringa mi. Føterne byrjer å løpe, lett, nedover. I stad var dei tunge der dei jogga oppover i nysnøen. Hunden svinsa glad omkring, men pusten gjekk tungt. Bakken var tung, svetten rann. Det er svarte, mørke vinterkvelden, men snøen lysar opp, pyntar den traurige vinterskogen til noko vakkert.
Men når eg klatra seg opp kilometeren og snør seg i mørke, kjendes det bra ut. Eg klarte å jogge motbakke, i bekmørke. Eg er stolt, nøgd, glad. Augene til hunden lysar skummelt frå hodelykta, som eit vilt dyr, men eg veit at det er ein lukkeleg og harmonisk firbeint som pesar omkring, like lett som snøflaka.
Eg byrja forsiktig å jogge ned att. Så går det fortare, fortare, fortare. Eg ler og kjenner lukka spre seg i kroppen. Eg fyk nedover nysnøen saman med hunden og kjenner meg like lett og fri som snøen som dalar omkring meg. Eg er ikkje redd for å falle, trygg på at den mjuke, kvite bakken vil ta i mot og mildne støtet.
Den bratte bakken gjer at det går stadig fortare og eg er fri. I desse minuttane, denne lille stunda, følar eg meg fri, lett, lukkeleg. Det er fantastisk. Eg skulle ynskje at kvar joggetur kunne vere slik, at eg kunne ta på meg skorne, springe, og berre vere fri. Eg takkar snøen som gjorde det mogleg, og lagrar kvelden som eit minne til kveldar der jogginga vert mer traurig att.





